(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til verdsarven Vestnorsk fjordlandskap - delområde Nærøyfjorden 2017

Tilskot til verdsarven Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden

Fylkeskommunen fordeler kvart år tilskot til restaurering og istandsetjing av kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Midlane kjem frå statsbudsjettet, posten tilskot til verdsarven (kap. 1429, post 79).

Desse kan søkje:

  • Private eigarar av kulturminne i verdsarvområdet
  • Stiftingar og lag og organisasjonar som arbeider med kulturminne i verdsarvområdet

Søknad skal sendast gjennom regionalforvaltning.no og frist for søknad er 1. desember 2016.

Mål

Områda på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.

Kriterium for måloppnåing

Tiltak retta mot verdsarvområde i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er områda i Noreg som står på eller er under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Det gjeld åtte stader og ein nominasjon som ikkje er sluttbehandla. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av desse områda.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Miljødirektoratet har eigne tilskotsmidlar og har tilsvarande oppfølging.

For spørsmål vedrørande søknad, kontakt

Arlen Synnøve Bidne
Nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf : 415 30 934
epost: arlen.synnove.bidne@sfj.no

For tekniske spørsmål knytt til søknad og bruk av www.regionalforvaltning.no, kontakt

Kristin Arnestad
Nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 906 16 843
epost: kristin.arnestad@sfj.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen