(Du er ikke pålogget) 
 

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket - prosjektretta tiltak og korte kurs 2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 1,6 mill. kr. frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) til rekruttering og kompetanseheving i landbruket i 2017. Midlane skal fordelast på korte kurs og langsiktige prosjekt.

LMD har sett dei overordna måla for ordninga som er å bidra til rekruttering og kompetanseheving for næringsutøvarar som kan ivareta og styrkje verdiskapinga i landbruket regionalt.

Prioriterte område for støtte bør vere:

  • Tiltak som bidrar til å styrkje rekruttering i landbruks- og gartnarutdanninga og til høgare utdanning i landbruksfag
  • Tilskot til kompetansehevande tiltak og støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for næringsutøvarar i landbruket

Tilskot skal sjåast i samanheng med andre ordningar for rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Det er viktig å tilby regionale etter- og vidareutdanningstilbod som gjev kunnskap næringsutøvarane har særskilt behov for i den einskilde produksjonen.


Prioriterte tiltak

  • sikre tilbod om agronomutdanning for vaksne i fylket (nettbasert og samlingar)
  • medverke til auka rekruttering til naturbruk på vidaregåande nivå ved å gi auka kunnskap om landbruket og karrieremulegheiter innan landbruks- og matfag til rådgivarar, lærarar, foreldre og elevar i grunnskulen, t.d. gjennom ungdomscamp for ungdom 14-16 år og næringsreiser for rådgivarar i ungdomsskulen
  • legge til rette for nettverksbyggande aktivitet
  • fagkurs knytt til ulike produksjonar og produksjonsmetodar i samsvar med endringar i landbruket
  • legge til rette for auka kunnskap om og synleggjering av bygdenæringar som ein mogleg måte å utvikle verksemda på
  • tiltak som byggjer opp omdømet til landbruksnæringa
  • kurs som næringsutøvarane har særskilt behov for

Mentorordningar i landbruket er viktige rekrutteringstiltak. Sogn og Fjordane er eitt av fire pilotfylker i ei nasjonal mentorordning administrert av Norsk Landbruksrådgjeving. Det er sett av 4 mill. kr. til ordninga gjennom jordbruksavtalen. Støtte til mentorordning vil såleis ikkje bli prioritert av midlane som denne planen omfattar.

Søknader må vere i samsvar med Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2017, vedteken i Hovudutval for næring og kultur 7. mars 2017. Vidare må søknader innehalde målgruppe, mål om tal kursdeltakarar, kursplan og finansieringsmåte. Planlagd eigendel for deltakarane, eller i prosjektet må komme fram.

Vi oppmodar om at fleire tilbydarar samarbeider om søknaden der det er naturleg.

Søknader skal sendast inn via regionalforvaltning.no. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.

Søknadsfrist er 5. april 2017.

 

For spørsmål, kontakt:

Kristin Arnestad
Nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Tlf: 906 16 843
e-post:
kristin.arnestad@sfj.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen