(Du er ikke pålogget) 
 

Energinettverks-ordninga

Energinettverks-ordninga.  Tilskot til energianalyser

Det er berre kraftselskap i Møre og Romsdal som kan søke på midlane.

Det er avsett 1 mill. kroner til ordninga for 2018.

 «Energinettverks-ordninga» har som mål å stimulere til energi-effektiviseringstiltak i næringslivet i Møre og Romsdal.

Søknad sendast via Regonalforvaltning.no.

Når søknaden er godkjent, og tilsegnsbrev er underteikna, kan arbeidet med energianalyser settast i gang.

Søknader blir behandla fortløpande, men søknad må sendast inn før 01.10.2018.

 

Kort om energinettverksordninga:

  • Kraftselskapet sender søknad via Regionalforvaltning.no  til Møre og Romsdal fylkeskommune for etablering av nytt energinettverk. Det vil bli stilt krav om minimum 4 bedrifter i nettverket.

  • Kraftselskapet rekrutterer bedrifter til å bli med i nettverket og arrangerer jamlege nettverksmøte.

  • Energi-analysane skal utførast av frittståande energirådgivar.

  • Tilskotet for kvar analyse er avgrensa oppover til  kr 20 000, maksimalt 50% av dei totale kostnadene i prosjektet.

  • Kraftselskapet er prosjekteigar og er ansvarleg for rekneskap og rapportering om arbeidet i nettverket.

  • Bedriftene følgjer sjølv opp med tiltak.

  • Bedriftene kan få hjelp til å søkje støtte frå ENOVA for gjennomføring av tiltak.

Regional- og næringsutvalet vil haust/vinter 2018 vurdere om ordninga skal fortsette i 2019.

Kontaktperson:  Ketil Valde

Rådgivar fornybar energi

Regional- og næringsavdelinga

Tlf.: 71 28 03 41 / +47 93 03 63 59

ketil.valde@mrfylke.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen