(Du er ikke pålogget) 
 

INU-FSF - Utlysing restmidlar 2017 - kun åpen for inviterte søkarar

INU-FSF - utlysing av midlar 2017

De kan no søkje om midlar frå den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal (INU-FSF).

Søknadsfristen er 1. oktober 2017.

Midlane skal gå til.

Årsmøte i INU-FSF har saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune beslutta at restmidlane på 1,6 millionar skal vere tilgjengelig for 4 prosjekt. Kvart prosjekt kan søke på om intill 400 000 kroner i støtte.

 Dei fire prosjekta er:

 -Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane - Prosjekt : Regional innovasjonsstruktur

- Maritim Foreining - Prosjekt: Supply Chain

- Høgskulen på Vestlandet - IT-Studium

- Høgskulen på Vestlandet - Ingeniørstudium i bygg og anlegg

I tråd med vedtaket til fylkestinget kan enkelte av prosjekta få meir enn 400 000 kroner i støtte dersom nokon av dei nemnde prosjekta allereie er fullfinansiert og finansieringsbehovet fell vekk.

Krav til søknad

  • Søkar må nytta www.regionalforvaltning.no for å sende inn søknad. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.
  • Maksimal støttesats er normalt 50 prosent av totalkostnaden.
  • Det kan berre søkjast om støtte til tidsavgrensa prosjekt. Drift vert ikkje støtta.
  • Støtta skal ha utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet.
  • Prosjekt som går over fleire år kan støttast, og kostnads- og finansieringsplan for heile perioden bør følgje søknaden.
  • Sjå spesielt Retningsliner for verkemiddelbruk kapittel 3 om «Utdjuping av kva som kan støttast og kva som ikkje skal støttast».

Søknad skal sendast elektronisk på www.regionalforvaltning.no innan 1. oktober 2017.

Gjeld søknaden prosjekt som er knytt til bedrifter skal denne rettast direkte til Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Kontakt

Endre Høgalmen
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 95207789
epost: Endre.Hogalmen@sfj.no

Jo-Andreas Meisfjordskar
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57638063
epost : Jo-Andreas.Meisfjordskar@sfj.no



 

 









  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen