(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland 2019

Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland 2019

Formål

Hordaland fylkeskommune er tildelt ei ramme på 8.445.422 kroner øyremerkt til utbygging av infrastruktur for breiband i område av fylket der det ikkje er kommersielt interessant å bygge ut. Prosjekt som kan få støtte er:

  • Utbygging av breiband i område med dekning under 10 Mbit/s.

  • Oppgradering av breiband i område med dekning under 30 Mbit/s.

  • Prosjekt som kombinerer utbygging begge områda

 

Kven kan søkje

Kommunar og regionråd i Hordaland.

 

Søknadsfrist

10. mai 2019

 

Kva kan støttast

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har mellom anna lagt til grunn fylgjande vilkår:

  • Tilskot skal vera i tråd med gruppeunntaket for breibandstøtte (GBER).
  • Minst 80 prosent av husstandane i fylket som får tilbud om breiband gjennom støtteordningen skal være husstander som mangler et tilbud om bredbånd med minst 10 Mbit/s eller har tilbud om bredbånd i intervallet 10-30 Mbit/s basert kun på Telenors kobbernett (xDSL), gitt at det fortsatt finnes slike husholdninger i fylket. ?
  • Lokale bidrag skal utgjere minst 25 % av dei totale prosjektkostnadene for prosjekta (samla) som det vert søkt om støtte til. Lokale bidrag kan vera kommunal medfinansiering, finansiell støtte frå private aktørar, dugnadsinnsats m.m., men ikkje utbyggar si medfinansiering.
  •  Prosjekta det vert søkt om støtte til skal vera teknologinøytrale. Det vil seia at det ikkje kan stillast krav om fiberbreiband.
  •  Breibandstilbodet som vert etablert gjennom ordninga skal ha ein fastpris til sluttbrukar, som er uavhengig av bruken.
  •  Prosjektet som mottar tilskot skal gje eit reelt breibandtilbod til alle husstandar og verksemder innanfor det aktuelle området.
  •  Utbyggjarar med offentleg støtte skal tillata andre leverandørar av breiband i tilgrensande område å kopla seg på det aktuelle nettet til rimelege vilkår.

Krav til søknaden

Tiltak/prosjekt som er klare for oppstart i 2019 vil bli prioritert. Søknad skal utfyllast med informasjon om prosjektet, kven som står bak og korleis det vert finansiert slik det går fram av det elektroniske søknadsskjemaet. 

Kontaktpersonar

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Søknadsskjema

Søknadar skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no.
Bruk støtteordning "
Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland 2019"

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen