(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019

Tilskot nærings- og samfunnsutvikling

Næringsseksjonen har ansvar for verkemiddel som legg til rette for nærings- og samfunnsutvikling.

Innan nokre område har vi etablerte tilskotsordningar med eigne reglar. Sektoren har i tillegg disponible midlar som skal støtte opp under satsingsområda i budsjettet, og som ikkje er knytt til bestemte tilskotsordningar. Du kan søkje om tilskot frå dei disponible midlane innan desse områda:

  • Sjømatnæringar
  • Energi
  • Industri
  • Landbruk
  • Næringsarbeid i kommunar 
  • Entreprenørskap
  • Satsing på kunnskap
  • Folkehelse
  • Friluftsliv
  • Vilt- og fiskeforvaltning

Midlane er avgrensa, og ikkje alle prosjekt vil nå opp.

Korleis søkje?
Du må søkje elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no for å få søknaden din handsama.

Rettleiing for bruk av regionalforvaltning.no.

Kriterium og krav til søknad
Søknaden må vere innanfor satsingsområda lista opp ovanfor. Du kan søkje om støtte til
prosjekt

  • som kan sannsynleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad
  • som har god kvalitet, og der søkjar har god gjennomføringsevne
  • der tilskotet har utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet

Hovudutvalet legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar

Tilskot kan dekke kostnader direkte knytt til realisering av prosjektet. Tilskotet kan ikkje dekke drift av næringsverksemd eller organisasjonar. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er normalt 50 prosent. For forstudiar, forprosjekt og tiltak retta mot målgruppene unge, kvinner og innvandrarar kan høgare støttesats bli vurdert.

Det gjeld meir utfyllande reglar for søknader innan næringsutvikling.

Søknadsfristar
Søknadane vert handsama fire gonger i året. Det kan vere lurt å vere ute i god tid før fristen i fall du må levere meir informasjon før søknaden kan handsamast.

Søknadar kan berre sendast inn etter avtale

Kontaktinformasjon
Adrian Bjørseth, Tlf. 902 47 175,  Adrian.Husabo.Bjorseth@sfj.no

Saksgang og vanlege spørsmål

I dette dokumentet kan du få svar på spørsmål om nærings- og samfunnsutvikling.

Dokumentet inneheld informasjon om:

  • Saksgang
  • Klage
  • Meirverdiavgift
  • Kva forpliktar vi oss til?
  • Prosjektrekneskap
  • Utbetaling og likviditet
  • Rapportering
  • Kva er eit prosjekt? Kva er forstudie og forprosjekt?
  • Utløysande effekt
  • Må eg bruke regionalforvaltning.no?

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen