(Du er ikke pålogget) 
 

Breibandutbygging 2020 Møre og Romsdal

Tilskot til breibandutbygging 2020 - søknadsfrist 20. juli 2020

Stortinget har løyvd til saman 406 mill. kroner til å støtte breibandutbygging i 2020. Beløpet er fordelt mellom fylka etter ein fordelingsnøkkel basert på tal hushald utan tilbod om breiband med nedlastingskapasitet på minst 100 Mbit/s. Etter dette er Møre og Romsdal fylkeskommune tildelt ei ramme på 27 021 197 kroner.

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer med dette kommunane til å søkje om tilskot til breibandutbygging 2020 – søknadsfristen er 20. juli 2020.

Kven kan få støtte?

Ordninga skal støtte utbygging av breiband i område som i dag manglar tilbod om kapasitet på 30 Mbit/s eller høgare, og det ikkje er planlagt utbygging i regi av kommersielle aktørar.

Det er ikkje prioritert mellom ulike område av fylket - alle kommunar i Møre og Romsdal kan søke støtte frå ordninga.

Korleis er søknadsprosessen?

Kommunane har meldt inn område der det kan vere aktuelt å søkje om støtte til utbygging. Desse områda ligg ute på høyring som rettleiande kunngjering i Doffin i perioden 8. juni til 8. juli 2020. Formålet med denne høyringa er å kartlegge om kommersielle aktørar har konkrete planar om utbygging utan tilskot i nokon av dei aktuelle områda.

Kommunane søkjer i regionalforvaltning.no innan 20. juli. Deretter vurderer fylkeskommunen søknadane og skriv innstilling til fylkeskommunens kultur-, næring- og folkehelseutval, som gjer vedtak om fordeling 1. september 2020. Det neste som skjer er at fylkeskommunen skriv tildelingsbrev til kommunane, og deretter startar arbeidet med felles anbodskonkurranse for utbygging av dei områda som har fått tilskot. Målet er at anbodskonkurransen vert publisert innan 15. oktober og at kommunane kan inngå kontrakt med leverandørar innan 15. januar 2021.

Viktige vilkår for søknad om breibandstøtte, gitt i tildelingsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Teknologinøytralitet, dvs. at kommunen ikkje skal stille krav om utbygging med ein særskild teknologi. Men nytt tilbod skal vere på minst 30 Mbit/s (fylkeskommunen vil stille krav om minst 100 Mbit/s i felles anbodskonkurranse)

  • Sluttbrukar skal få tilbod til fastpris uavhengig av bruk

  • Alle potensielle kundar i området skal få tilbod etter utbygging

  • Tilskot gjeld ikkje bygging av breiband til fritidsbustader

  • Lokale bidrag må utgjere minst 25 prosent av finansieringa

  • Utbygging må vere gjennomført innan 2 år

  • Det må gjevast grossistilgang til nettet for tredjepart, på marknadsmessige vilkår

  • Ved graving må det leggast til rette for ekstra kapasitet i føringsvegar

Start arbeidet med søknaden no!

På grunn av den knappe fristen (bestemt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet) rår vi kommunane til å sette i gang med søknadsprosessen så snart som råd.

Fylkeskommunen har avtale med konsulentfirma Analysys Mason, som kan bistå kommunane i søknadsprosessen, særleg når det gjeld dekningskartlegging. Kommunane kan nytte inntil 10 timar som fylkeskommunen betaler for. Kontaktperson er Bjørnar Volden, bjornar.volden@analysysmason.com,

Spørsmål?

Møre og Romsdal fylkeskommune sine kontaktpersonar for denne støtteordninga er Eivind Vartdal Ryste, 71 28 02 16, eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no og Kim Tornes, 71 28 03 45, kim.tornes@mrfylke.no .


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen