(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til publikumsutvikling i Møre og Romsdal

Prosjektmidlar til publikumsutvikling i Møre og Romsdal

 Publikumsutviklingstiltak er eit av dei viktigaste verktya for å bidra til å skape eit godt lokalsamfunn, auka deltaking og stimulering til eit demokratisk og inkluderande kulturliv. Møre og Romsdal fylkeskommunen ønskjer å styrke kompetansen innan publikumsutvikling hjå regionale kunst- og kulturaktørar og bibliotek.

 Prosjektmidlane rettar seg mot kunst- og kulturinstitusjonar og bibliotek som ønskjer å utvikle nye verkty, metodar og modellar. Det blir viktig å inkludere fleire, både som deltakarar og publikum, for å skape eit meir mangfaldig, relevant og tilgjengeleg kulturliv. Dette krev samarbeid mellom innbyggarar, institusjonar, offentlege aktørar, frivillig sektor og privat næringsliv. Midlane skal også bidra til å styrke verdikjedene i kulturøkonomien som stimulerer til auka eigeninntening.

Kven kan søke?

  • Etablerte kulturinstitusjonar/organisasjonar som programmerer, produserer og formidlar kunst og kultur 
  • Søkar må ha heilårsdrift og faste tilsette

Kva kan få støtte?

 Det kan bli gjeve tilskot til prosjekt som utviklar verkty, metodar og modellar for: 

  • Auka eigeninntening og verdiskaping
  • Nye marknadar og publikumsgrupper
  • Kommunikasjons- og marknadsutvikling for auka kulturbruk
  • Auka kulturturisme
  • Publikumsutvikling i biblioteka

Det kan ikkje bli søkt støtte til:

  • Ordinær drift
  • Innhaldsproduksjon og kulturarrangement
  • Tiltak som er gjennomført før søknadsfristen
  • Ordinære marknadsføringskampanjar
  • Innkjøp av utstyr

Krav til søknad:

  • Søkar skal beskrive kva som er målgruppa
  • Søkar skal beskrive kva som er målet med prosjektet. Dette kan vere fleire publikummarar frå målgruppa, at fleire blir deltakarar i administrasjon, kommunikasjon eller i programmering, eller evt. andre målbare kriterier.
  • Søkar må beskrive korleis måloppnåinga skal bli evaluert
  • Søkar skal beskrive korleis prosjektet er organisert
  • Søkar skal dokumentere korleis målgruppa skal bli involvert i utforminga av sjølve prosjektet.

 Søkar må bidra med 50% eigenfinansiering. Dette kan også vere i form av arbeidstimar. Ein arbeidstime er sett til 600 kroner. Tilskotsmottakarar må dele sine erfaringar på komande nettverkssamlingar.

 

Søknadsfrist: 8.november 2019

Kontaktpersonar:

Kunst- og kulturinstitusjoner:

Camilla Wiik, camilla.wiik@mrfylke.no, tlf: 71 28 03 09 / 906 74 399

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen