(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utbygging av breiband i Vestland 2020

Tilskot til utbygging av breiband i Vestland

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til utbygging av breiband i fylket. Kommunane kan søkje om tilskot til område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut. Det er sett av inntil 35 mill. kr. til ordninga i 2020.

Utbygging i område som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare, det vil seie kvite NGA-områder.

Det er krav frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at utbygginga skal gje tilbod om breiband med minst 30 Mbit/s nedlastingshastigheit og 5 Mbit/s oppstraums hastigheit. I praksis er det ynskje om langt betre tilbod enn dette, og det vil bli vekta i ein framtidig konkurranse. 

Krav til søknaden
Søknad skal fyllast ut i regionalforvaltning med informasjon om prosjektet, beskriving av område og dekningsstatus, tal hustandar og bedrifter i området som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare kapasitet, og korleis prosjektet skal finansierast.

Områda som er planlagt utbygd må merkjast av kartløysinga i kartløysinga fylkesatlas.

Denne kartløysinga inneheld også Nkom sine offisielle dekningstal.

Det skal leggast ved adresselister i excel med tydeleg spesifisert hustandar, fritidsbustader og bedrifter. Det kan gjerne leggast ved signerte interessentlister der det er tilgjengeleg.

Kven kan søkje

Kommunar i Vestland. Fleire kommunar kan også gå saman om ein søknad.

Søknadsfrist

30. juni 2020

Meir informasjon om ordninga finn de her.

Kontaktpersonar

For ytterlegare informasjon, kontakt:


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen