(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Suldal kommune

Kommunalt næringsfond - ekstraordinære midlar

Kven kan søka om støtte?

Tildelingskriteriane er satt av kommunal og moderninseringsdepartementet. Midlane skal gå til kommunar som er hardt råka av høg arbeidsledighet som følge av covid-19. Midlane skal sette kommunane i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Ordningen er landsdekkende. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte, og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktig for å motvirke negative verknader av koronavirusutbruddet, kor ein vektlegg viktigheten for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

Målgruppa er bedrifter og andre næringsaktørar som tilrettelegger for og /eller gir støtte til næringsutvikling. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte, og til andre næringsretta tiltak som kommunene meiner er viktig for å motvirke negative verknader av koronavirusutbruddet. Tilskotet skal ikkje gå til å dekke ordinære driftskostnader

Korleis søka støtte?

Ein forutsetning for å søka om støtte er at ein må søke til Suldal kommune via heimesida til www.regionalforvaltning.no. Alle kommunane som har fått tildelt midlar må nytta seg av denne løysinga. Hensikten er å ha ein samla oversikt over alle søknader i Rogaland samt utbetalinger.

Vurdering av søknader

Det er eit poeng at midlane skal gjerast søkbare snarast slik at midlane kan bidra til utvikling og vekst om kort tid. Innkomne søknader vil difor bli vurdert forløpande. Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av prosjektets kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Lenke til midlertidig forskrift om tilskot til kommunale næringsfond

https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-06-30-1437

Kontaktperson: Torbjørn Guggedal, Kommunalsjef Suldal kommune, mob 40406312, epost: torbjorn.guggedal@suldal.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen