(Du er ikke pålogget) 
 

Vestre Slidre - Ekstraordinært kommunalt næringsfond - COVID-19

Vestre Slidre kommune får 1,3 mill. kroner i ekstraordinært tilskot til kommunalt næringsfond

Midlane skal sette kommunane i stand til å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Bruk av midlane er regulert i eigen forskrift: FOR-2020-06-30-1437 "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal kunne nyttast til bedriftsretta støtte (som t.d. marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar), samt andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motvirke dei negative konsekvensane av koronavirusutbrotert. 

Ved vurdering av søknader vil kommunen legge vekt på tiltak som sikrar arbeidsplassar og stimulere til verdiskaping og økonomisk aktivitet i Vestre Slidre. Det er også viktig at tiltaket kan settast i verk ganske raskt. 

Samla tilskot frå næringsfondet kan som hovudregel ikkje overstige 50 % av tiltaket sitt kapitalbehov, og det kan ikkje gjevast støtte til å dekke løpande driftskostnader hos bedrifter elller næringsaktørar. Midlane kan heller ikkje nyttast til tiltak som gjeld stadsutvikling. 

Søknad må sendast inn via regionalforvaltning.no.

Ta gjerne kontakt med økonomisjef Marit Øvstebø dersom du har spørsmål: marit.ovstebo@vestre-slidre.kommune.no, tlf. 61 34 50 68 (f.o.m. 10. august).

 

 

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen