(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond covid-19 - Ulstein kommune

Utbrotet av Covid-19 har gitt auka arbeidsløyse og redusert økonomisk aktivitet. Det Kongelige Kommunal- og Moderniseringsdepartement har difor løyvd midlar til ein krisepakke til alle landets fylkeskommunar.  Krisepakka inneheld eit nytt tilskott øyremerka kommunale næringsfond. Ulstein kommune har fått tildelt kr. 2.005.594 kr. Tildelinga av kommunale næringsfond skal gå til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19 og gjere kommunane i stand til  å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Ordninga er landsdekkande.


Kven kan søke om støtte?

Målgruppa er små- og mellomstore bedrifter eller andre næringsaktørar som legg til rette for vidare næringsutvikling. Tiltaka som ein søker midlar til skal motverke negative verknadar av koronavirusutbrotet og vere avgjerande for vidare vekst og eksistens.  

Kriteriene for måloppnåing er :
a)       utvikling i sysselsetting og talet på arbeidsplasser og
b)      utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet. 

Det kan til dømes gjevast støtte til marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar.


Vurdering
I vurderinga av tilskotssøknadene blir det særlig lagt vekt på 

  • i kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motverke negative verknad av covid-19-utbruddet. 
  • kor raskt tiltaket kan settas i gang.
  • tiltak som fremmer nyskaping og utvikling (iht. Nyskapingsstrategi for Ulstein kommune 28.03.2019)
  • i kva grad tiltaket kan bidra til samarbeid mellom partnarar og stimulere til strategisk samarbeid/alliansar
  • tiltaket må føre til auka sysselsetting i Ulstein kommune, men søkar/organisasjon treng ikkje ha adresse i Ulstein kommune

 Andre krav:

  •  Tilskotet skal ikkje gå til å dekke ordinære driftskostnader.
  •  Tilskotet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket. Det betyr at tiltaket ikkje kan startast opp før søknad om tilskot er handsama.
  •  Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektets kapitalbehov.
  •  For tiltak som i særleg grad oppfyller målsettingane kan ein unntaksvis vurdere tilskot opp til  75 prosent.
  •  Eit tiltak kan maksimalt få tildelt 30.000 per arbeidplass den antas å skape - opptil ei øvre grense på 200.000 per tiltak. I særskilte tilfeller kan rammane fråvikast..
  •  Eigeninnsats kan godkjennast som søkar sin eigendel av finansieringa, innanfor ei øvre grense. Estimert timeanslag og timepris må dokumenterast i søknaden.

For ytterligare informasjon om ordninga sjå også i Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet.


Andre støtteordningar
Når kommunane skal forvalte ordninga vert det særleg viktig å avklare forholdet til andre støtteordningar. Kommunale næringsfond må ikkje erstatte, men supplere bidrag frå Innovasjon Norge, Forskingsrådet eller andre aktørar. Desse skal framleis handtere dei større bedriftene og dei innovative prosjekta med vekstpotensiale. Kommunale næringsfond skal primært nyttast på dei små og mellomstore lokale bedriftene, og til prosjekt som ikkje heilt fyller krava hos Innovasjon Norge, men som for bedrifta likevel vil vere avgjerande for vidare vekst og eksistens.

Til nyetablerarar som vil avklare om ein forretningside er liv laga er hoppid.no-midlane det rette verktyet. Kultur- næring- og folkehelseutvalet fordelte i juni 2020 3 mill. kroner i ekstraløyving til kommunane sine hoppid.no-kontor.


Korleis søke om støtte?
Søknad gjerast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no. Formannskapet behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen.


Søknadsfrist
Søknadar handsamas fortløpande til det ikkje er midlar igjen. Per 01.02.2021 er det 163.657 kr. 
Søknadar som er oss i hende før 01.03 blir handsama i formannskapsmøte 16.03.21
Neste frist er 01.04 som blir handsama 13.04.21


Offentligheit
Opplysningar som gis i søknaden, vil i utgangspunktet være offentlege etter offentligheitsloven.


Rapportering og utbetaling

  •  Normalt utbetales tilskotet når tiltaket er gjennomført. Er det nødvendig for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalest ved oppstart av tiltaket.  Ved behov kan det utbetales inntil 75 % av tilskotet etter kvart som mottakaren dokumenterer framdrift i tiltaket
  •  Tilskotsmottakarar skal rapportere og be om utbetaling i henhold til rapporteringskrav i departementets elektroniske forvaltningsportal, regionalforvaltning.no.
  •  Tildelinga vil kunne falle bort helt eller delvis eller bli kravd tilbakebetalt, dersom støttemottakar endrar prosjektet som låg til grunn for tildelinga utan å søke forvaltar av fondet om denne endringa, og får en skriftlig stadfesting på dette.
  •  Tilskotsmottakar skal sende inn en sluttrapport og et rekneskap for prosjektet, satt opp etter same oppstilling som budsjettet.  Her skal også gjennomført eigeninnsats vore dokumentert med signert timeliste og attest på timepris frå rekneskapsførar eller revisor


Annan informasjon:
Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.


Kontaktpersoner
Monica Cecilie Torp, kommunalsjef organisasjon og utvikling: 907 43 207 eller monica.cecilie.torp@ulstein.kommune.no




 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen