(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond for Sogndal kommune

Søknadsportalen er stengt. Dei sist innkomne søknadane er under handsaming. 

Her finn du oversyn over tildelingar frå det kommunale næringsfondet.

..........................................................

I samband med koronakrisa har Sogndal kommune fått tilført omlag 2,4 mill. kroner frå Vestland fylkeskommune til kommunalt næringsfond. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt.

I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
  3. kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Midlane vert forvalta i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". I tillegg har formannskapet i Sogndal kommune vedteke eigne retningslinjer for bruken av midlane. Meir informasjon finn du på Sogn Næring sine nettsider. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen