(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Tokke kommune- Covid 19

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunalt næringsfond – Krisepakke 3 -Covid 19 Tokke kommune

Tokke kommune har fått ekstra tildeling på kr. 1.000.000 i samband med utbrot av Covid19- krisepakke 3.

Verksemder og næringsaktørar kan søke om midlar til tiltak som fremmar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.

Verksemder med tilknyting til kommunen vil bli prioritert , også nyetableringar.

Søknad må kunne svare på:

  1. I kor stor grad tiltaket fremmer økonomisk aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.
  2. I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverke negative økonomiske verknadar av Covid19 utbrotet.
  3. Kor raskt tiltaket kan settas i gang.

Krav til søker/ mottakar av tilskot:
Søknaden skal sendast gjennom
www.regionalforvaltning.no 

Dykk må opprette brukar med naudsynt kontaktinformasjon, opplysningar om prosjektet, prosjektperiode, målgruppe, budsjett/ kostnadsoverslag. I tillegg må det opplysast om søker har motteke anna offentleg støtte i inneverande og dei to siste rekneskapsår.

Kommunen vil prioritere søknadar ut i frå korleis tiltaka bidreg til:

  1. Utvikling i sysselsetting og tal arbeidsplassar.

  2. Utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet

NB – Dykk må søke før tiltaket vert sett i gang!

Søknadsfrist:      01.november 2020

 

Kontaktperson: Åse Ingebjørg Flateland, Nærings- og samfunnsutviklar

Mobil:                91721365

Epost:                 aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no

 

 

 

 Vilkår:

 

  1. Søknader om støtte for næringslivet som følgje av negative verknader som følgje av Covid 19 - krisepakke 3, dekkast på ansvar 454 – næringstiltak. Søknadar handsamast etter «Midlertidig forskrift for kommunale næringsfond» og «regelverk for bagatellmessig støtte» og er ikkje bunde opp mot vedtekter for kommunalt næringsfond.

     

  2. Det administrative arbeidsutvalet for næringssaker handsamar søknadar opp til kr. 100.000, og formannskapet handsamar søknadar på over kr. 100.000.

     

  3. Tilskot kan gjevast til verksemder som er registrert som AS, ANS og ENK.

     

  4. Søknad må syne til tiltak som opprettheld eller skapar arbeidsplassar eller anna verdiskaping. Det skal takast omsyn til tidlegare statleg koronastøtte og den økonomiske situasjonen til verksemda.

     

  5. Verksemda må ha kontoradresse i kommunen

     

  6. Verksemda må levere rein skatteattest

     

  7. Verksemda må levere rekneskap for 2019

     

  8. Søknad må sendast gjennom www.regionalforvaltning.no

     

  9. Søknadsfrist 1. november 2020

     

  10. Tilskot vert løyvd frå konto for næringstiltak 1470 454 325 innanfor tildelt ramme på kr. 1.000.000

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen