(Du er ikke pålogget) 
 

Kompetansesenter fornybar energi

Utlysing av midlar til sentra for  fornybar energi i fylket:

Målgruppe:

  • Nasjonalt vindenergisenter, Smøla

  • Sol- og bioenergisenteret, Tingvoll

  • Havenergisenteret, Runde.

Det er berre desse 3 nemnte sentra som kan søke.

Det er totalt avsett kr 1,0 mill.  for 2017.

Søknadsfrist: 30. mars 2017.

Formål:

Midlane skal nyttast for å fremje bruken av fornybare energikjelder som vind-, sol-, bio-, og hav-energi, og bidra til næringsutvikling i fylket innan dei nemnte  energikjeldene. Tiltak for å auke kunnskapen om fornybar energi vil og kunne få støtte.

Kurs, demonstrasjonar, dokumentasjonsarbeid, undervisning, arrangement, formidling på nett og rådgiving er eksempel på kunnskaps-formidling som kan få støtte.

Tiltak som støtter opp under mål og tiltak i Fylkeskommunen si «Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017», vil telle positivt. Særleg aktuelle mål og tiltak her er:

Hovudmål 6 Møre og Romsdal skal ha ein berekraftig bruk av naturressursane.

Pkt 6.2: Auka produksjon og bruk av fornybar energi:

Stimulere til meir produksjon og bruk av solenergi, vindenergi, bioenergi, vasskraft og havenergi i fylket

Sjå også  pkt  6.3. Betre klima, miljø og vatn

 

Krav til søknaden:

Plan for tiltak og aktivitet som skal gjennomførast, skal kome klart fram i søknad, med kostnader og finansiering, effektmål og resultatmål.

Det blir oppmoda til samarbeidsprosjekt mellom sentra.  

Dei tre sentra kan sende søknadene innan fristen 30. mars til Møre og Romsdal fylkeskommune via www.regionalforvaltning.no

 Kontaktperson:

Ketil Valde, Tlf. 93 03 63 59/712 80 341

Regional- og næringsavdelinga,

Møre og Romsdal fylkeskommune

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen