(Du er ikke pålogget) 
 

Ekstra Kommunalt næringsfond - Kvinnherad Covid 19

Opprett ny søknad på støtteordning

Kvinnherad kommune har fått tildelt ekstraordinære middel til næringsfondet grunna Covid-19 pandemien. Ordninga fell inn under "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 600 mill. kroner til kommunar som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner. Kvinnherad kommune har fått tildelt 1,6 mill. kroner av desse midla.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Kriterier frå KMD er:

  • Det skal nyttast www.Regionalforvaltning.no i utlysning, søknad og rapportering på bruk av verkemidla
  • Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar og skal nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig
  • Betyding for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet blir vektlagt
  • Kriteria for måloppnåing er utvikling i sysselsetting og tal arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk vekst
  • Støtta skal gis i tråd med regelverket om offentleg støtte

For Kvinnherad kommune sin del blir søknadsskjema lagt  ut på Regionalforvaltning.no med søknadsfrist 15. oktober og 15. november 2020. Kvinnherad kommune ønskjer i denne ordninga primært å støtte større tiltak.

Vurdering ved tildeling. Dei ekstraordinære midla kan gis som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnadar. Midla skal nyttast til varig næringsutvikling og ikkje som reine sysselsettingstiltak. Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast. Det er ønskeleg at innsatsen bidreg til å styrke digitalisering, sirkulærøkonomi og det grøne skiftet i næringslivet.

Bruken av kommunalt næringsfond må sjåast i samanheng med andre kommunale, regionale og statlige virkemiddel for å sikre best mogleg effekt og forhindre dobbeltfinansiering.  

Ved tildeling skal det leggast vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremmar auka aktivitet, auka sysselsetning og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motverke negative verknader av covid 19-utbrotet.
  3. kor raskt tiltaket kan settast i gang

Kvinnherad kommune skal vurdere måloppnåing og rapportere tilbake til KMD om:

  1. Utviklinga i sysselsetting og antall arbeidsplassar
  2. Utviklinga i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Tilskot 
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Tilskotet blir gitt etter reglane for offentleg støtte, og gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelige gruppeunntaket skal følgast. Alle tilskot gitt etter regla om offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Midla skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal dokumenterast i søknaden og midlar tildelt på feilaktig grunnlag skal tilbakebetalast.

Søknader og saksbehandling
Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendes inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen som post eller e- post. 
Søknadsfrist er 15. oktober 2020.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. Det kan søkast om utsetting.

Utbetaling

Tilskot blir utbetalt etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etterkvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal komme i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen