(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Covid-19 - Gulen kommune

Koronatilskot til næringstiltak

Gulen kommune har fått ei særskild tildeling på kr 422 816 til næringsutviklingstiltak gjennom krisepakke 3. Midlane skal forvaltast etter «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet». Ordninga vil gjelde til heile løyvinga er nytta. Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn, og det er midlar att.

Statlege føringar for ordninga:

Målgruppene er bedrifter, etablerarar og aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet. I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Søknader skal sendast gjennom www.regionalforvaltning.no. Det kan berre søkjast om tilskot til tiltak som ikkje er oppstarta. Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent. Gjeldande satsar i EØS-reglane for bagatellmessig støtte/gruppeunntaket skal følgjast, som mellom anna inneber at maksimal støttesats til fysiske investeringar i mindre verksemder er 35 %. Tilskot skal utbetalast etterskotsvis, men delutbetalingar er mogleg.

Ta gjerne kontakt med kommunen sitt næringsapparat Gulen og Masfjorden Utvikling AS, tlf. 901 42 025, for orientering om ordninga og eventuell hjelp i søknadsprosessen. I utgangspunktet er søknadene og saksbehandlinga ikkje unntatt offentlegheit.

Formannskapet har elles vedtatt ein strategi for bruk av det vanlege næringsfondet til korona-dempande tiltak i F-sak 40/20, som i nokon grad vil bli samordna med den særskilde løyvinga.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen