(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til prosjekt og aktivitet innan digital ungdom

Opprett ny søknad på støtteordning

Liggende logo for bruk på skjerm - Klikk for stort bilde

Formål

Auke ungdom sin kompetanse og erfaring med produksjon, aktivitet og publisering av digitalt innhald av ulik art. Skape kloke brukarar og produsentar av digitalt innhald.

Det er interessant for fylkeskommunen å få refleksjonar til korleis ordninga treff. Ein vil difor be om erfaringsdeling etter gjennomføring.

Kven kan søkje?

Institusjonar, organisasjonar, bedrifter, miljø, skular og arenaer som har digital innhaldsproduksjon, aktivitet og digitale verkemiddel som aktivitet i dag, eller som ynskjer å utvikle aktivitet på dette området.

Det oppfordrast til samarbeid på tvers av fagmiljø og arenaer.

Søknadsfrist

1. november 2020

Kva kan støttast?

Gjennomføring av digitale prosjekt, hendingar og aktivitetar som involverer ungdom. Herunder kan også allereie eksisterande aktivitet for profesjonelle/vaksne støttast, dersom ein vel å inkludere ungdom i gjennomføringa (og dette medfører ekstrakostnadar). Aktivitet der formidling som omhandlar sosiale medier, digital produksjon, kreativ bruk av digitale plattformer, og liknande, vert også vurdert.

Innkjøp av teknisk utstyr dekkjast i utgangspunktet ikkje av denne ordninga.

Støttenivå

Innlandet fylkeskommune fullfinansierer ingen prosjekt. Aktiviteten kan gjennomførast i løpet av hausten 2020 eller 2021.

Krav til søknaden

Søknaden skal skildre prosjektet og la det kome tydelig fram kva type aktivitet eller hending dette er og kva utbytte ungdommane får. Det er prosessen og erfaringar som vert gjort, som er mest relevant, meir enn resultatet av ein ferdig produksjon. Det er positivt at prosjekta har ein plan og målsetnad for korleis jenter skal inkluderast i prosjekta. 

Det skal også fyllast inn eit kostnadsoverslag (utgifter) og finansieringsplan (inntekter) som viser kva omsøkte midlar skal brukast til. 

Vedlegg kan leggjast ved om ynskjeleg.

Rapportering

Det er sentralt for pilotprosjektet at erfaringar om prosessen og metodar, delast med fylkeskommunen.

Tilskuddsmottakarar pliktar å sende ein kort rapport med regnskap for prosjektet, og med det vise korleis tilskotet er nytta.

Fylkesrevisor har innsynsrett i regnskap som omfatter bruk av fylkeskommunale midler.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen