(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Investeringsstøtte 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Investeringsstøtte til distriktsbutikkar

Nærbutikk er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor etablert ei ordning der nærbutikkar kan søkje om støtte til viktige investeringar.

Målet med støtteordninga er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar forvaltar støtteordninga på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2021 er det løyvd til saman 49,7 mill. kroner til kompetanseprogrammet og støtteordningane i Merkur-programmet.

Merkur-programmet arbeider for at daglegvarebutikkane skal få tilleggstenester som fører til at butikken blir meir lønnsam, samtidig som innbyggjarane i lokalsamfunnet får betre tenester.

Støtteordninga gjeld i utgangspunktet for Merkur-butikkar. Det vil seie daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanse-program. Bokhandlar som har deltatt i Merkurs kompetanseprogram, er ikkje omfatta av støtteordninga.

Investeringsstøtta skal gå til fysiske investeringar i butikkane. Butikkane kan til dømes søkje om støtte til investeringar i kjøle-/fryseutstyr og butikkdata.  Andre aktuelle formål kan vere utviding av butikklokale og etablering av kaffikrok som kan fungere som møteplass for bygda. Maksimal støtte pr. butikk er 600.000 kr pr. år. Minimum søknadsbeløp pr. søknad er kr. 25.000. Søknader på mindre beløp i støtte, blir ikkje handsama.

Det er utarbeidd eit regelverk med klare vilkår når det gjeld kundegrunnlag, omsetning og avstand til næraste butikk. Hovudregelen er at det skal vere 10 km avstand til nærmaste alternative butikk og at årsomsetnaden skal vere under 13 millionar kroner. Det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 km avstand til næraste alternative innkjøpsstad. Faktorar som blir vektlagt i den særskilte vurderinga er mellom anna vegens standard, spesielle lokale geografiske tilhøve, topografiske tilhøve som skil ulike lokalsamfunn, transportløysingar med meir.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

For å opprette ein søknad, gå inn på her:  https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx.  Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre,  eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.

For meir informasjon: Merkur-programmet 

Kontaktperson: 
Sissel Karin Hals, avdelingsleiar for støtteordningar 
Tlf 994 57 387  
Epost

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen