(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til regionale tilretteleggingstiltak innan landbruk og landbruksbaserte næringar. Midlane skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, verdiskaping basert på utmarksressursane og Inn på tunet.

Vestland fylkeskommune har fått 6,74 mill. kr til denne ordninga i 2021. I tillegg vert eventuelle restmidlar frå tidlegare lagt på ordninga. 

Prioriteringar i 2021

  • Positivt omdømme og synleggjering av moglegheiter i næringa
    Synleggjering av fagutdanning og moglegheiter, dyrevelferd, klima- og miljøinnsats og landbruksteknologi/FoU, bidrag til rådgjeving/møteplassar, urbant landbruk, landbruksretta entreprenørskap 
  • Marknadstilpassa auke i volum og omsetningsverdi av frukt, bær og grønt og legge grunnlag for fleire vekstbedrifter
    Mobilisering og kompetanse for å auke planting, avling, omsetnad, økologisk, framtidsretta arealtilpassing med nye produksjonssystem, særskilte kvalitetar/sortar/sesong, lokale/regionale verdikjedar og styrking av miljø innan grønsaker og potet 
  • Auka grovfôrproduksjon tilpassa eit endra klima
    Avlingsauke, fôr- og jordkvalitet, beitebruk, teknologiutvikling, rådgjeving og energiproduksjon 
  • Eit moderne driftsapparat med lausdrift i mjølkeproduksjon 
    Mobilisering til fornying av driftsapparatet, også på mindre bruk, ny teknologi og god dyrevelferd/dyrehelse 
  • Marknadstilpassa utvikling av kjøtproduksjonen med moderne produksjonsapparat og driftsopplegg
    Mobilisering til marknadstilpassa produksjonsauke på storfekjøt, utvikling i sauehaldet, god dyrevelferd/dyrehelse og auka produksjon og omsetnad av økologisk kjøt 
  • Styrke verdikjeda for lokalt trevirke
    Leggje til rette for innovasjon og konkurransekraft i heile verdikjeda for lokalt trevirke 
  • Auka tilbod og lønsemd innan IPT
    Prioriterer tilbod innan områda demens, skule, og psykiatri/rus, kompetansebygging hjå kjøpargrupper, nettverks- og kompetansearbeid mellom anna innan entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad 
  • Auka lønsemd og mangfald i lokal mat, drikke og landbruksbasert reiseliv
    Mobilisering til rekruttering, etablering og samarbeid i ulike produksjonar, utvikling av distribusjonssystem, fremjing av lokal mat og drikke i serveringsverksemder, samarbeid med festivalar og salskanalar, økologisk mat, mat som identitetsbyggar/lokal matkultur, utnytting av utmarksressursane som til dømes vilt, oppfølging av nasjonale og internasjonale arrangement, utvikling av landbruksbasert reiseliv og auka kompetanse i entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad
Grunnlag for prioriteringar
Grunnlaget for prioritering av midlane er utarbeida i samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkesmannen og næringa sine organisasjonar i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2021. Dei regionale tilretteleggingsmidlane skal forvaltast i tråd med dei måla og strategiane som er sette i dette handlingsprogrammet, og i tråd med nasjonal forskrift på området. Tildelinga vil også skje etter innspel frå  Innovasjon Norge, Fylkesmannen og næringa sine organisasjonar.  

Søknadsfristar
Søknadsfristar er 15. april og 1. oktoberVedtak blir fatta i løpet av mai og november i søknadsåret. 

Vilkår og meir informasjon
Meir informasjon om vilkår for tildeling, finansiering, kven som kan søkje og anna informasjon finn de her. 

Kontaktinformasjon

Heidi Bjønnes Larsen  
Seniorrådgjevar 

99 61 38 68 

   

Kjersti Sognnes 
Seniorrådgjevar 
95 75 87 20 

  

Kristin Arnestad 
Seniorrådgjevar 

90 61 68 43 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen