(Du er ikke pålogget) 
 

Bjørnefjorden næringsutvikling

Næringsfondet i Bjørnefjorden

Om det regionale fondet:
Frå Regionalt utviklingsprogram, Hordaland fylkeskommune får Bjørnefjorden kvart år påfyll til Regionalt Næringsfond. Midlane skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for næringsutvikling fastsett i "Regional næringsplan for Hordaland" og prioriteringar i "Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2014". Begge dokumenta finn ein på denne lenka: http://www.hordaland.no/Hordaland-fylkeskommune/Naring/Regional-naringsplan/. I tillegg kjem lokale prioriteringar. 

Fondstyret
Det er sett ned eit fondstyre som forvaltar næringsfondet. Medlemmar i  styret er ordførarane Hans Vinnes, Fusa kommune, Terje Søviknes, Os kommune og  Marit Aksnes Aase, Samnanger kommune. Egil Hauge og Knut Martin Bjørnås er representantar frå næringslivet.


Målsetting og strategiar for regionale næringsfond

Midlane skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for næringsutvikling, særleg innan næringsretta kompetanseutvikling, entreprenørskap og innovasjon, internasjonalisering, utvikling av livskraftige lokalsamfunn og utvikling av næringar med særlege føremoner i Hordaland. 


Retningsliner:
Fondstyret følgjer retningslinjene som Hordaland fylkeskommune har satt for bruk av regionale midlar. 

Krav og retningslinjer 
Midlane til regionale næringsfond er ein del av løyvinga til Hordaland fylkeskommune over Statsbudsjettet for 2014. I fylgje forskrifta kan det søkjast om tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjande kriterier:
  • Er i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts- og næringspolitikk.
  • Kan sannsynleggjera distrikts- og regionalpolitisk verknad.
  • Har god kvalitet med søkjar som har god gjennomføringsevne.

Elles går det fram av retningslinjene at midlane ikkje kan nyttast til:

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar.
  • Kausjon eller annan økonomisk garanti.
  • Direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital i verksemder
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførde prosjekt
  • Drift av, eller investeringar i statlege, fylkeskommunale og kommunale oppgåver
  • Politikkforberedande aktivetetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar. 
Hordaland fylkeskommune gir og desse rammene for bruken
  • Midlane kan nyttast både til tilrettelegging for næringsutvikling og direkte bedriftsstøtte, men sistnemnde føremål må vera innan regelverket for bagatellmessig støtte.
  • Støtte må tildelast i samsvar med EØS-avtala
  • Regionale fond bør prioritera tiltak som gir nytte for meir enn ein kommune.
  • Det er ikkje høve til felles finansiering frå regionale fond og Innovasjon Norge når det gjeld støtte til bedrifter. Felles finansiering av infrastrukturtiltak og tilrettelegging for næringsutvikling mellom fylkeskommunen og regionale næringsfond vil berre verta tillate etter særskild vurdering av fylkeskommunen. 
  • Dei regionale næringsfonda skal i hovudsak verta nytta innan verkeområdet for distriktspolitiske verkemiddel. Det vil sei i Sone II, Sone III og Sone IV. Ein mindre del av midlane kan likevel nyttast til tiltak i Sone I-kommunar dersom tiltak er i tråd med sentrale mål og prioriteringar i HNH og er viktige for næringsutvikling også i dei andre kommunane i regionen. Os kommune er i Sone I, Fusa kommune i Sone II og Samnanger kommune i Sone III.

Slik søkjar du om tilskot;

  • Registrer deg som søkjar, privat eller organisasjon (meny til venstre)

Når innlogga i systemet;

  • Vel "ny søknad" (meny til venstre.
  • Vel støtteordning Bjørnefjorden.
  • Opprett ny søknad (vel ein god og presis tittel på søknaden).
  • Fyll inn søknaden og lagre undervegs.

Hugs å sende søknaden når ferdig utfylt.
Søkjar kan opprette og lagre ein søknad i dag, og fortsette arbeidet med søknaden seinare og fram til søknad er klar for innsending.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen