(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i Vindafjord - ny tildeling

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning del 3 for 2021 for verksemder som er spesielt råka av covid-19

Vindafjord kommune har på ny blitt tildelt midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. I tillegg til 797.935 kroner og 335.000 kroner blei det gjort ein tredje tildeling i sommar på 585 000 kroner. Søknadsfrist er 25. september.

Dette er ein tredje del av tilskotet på kap. 553, post 68 (ny) kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter. Departementet tildelte første del av tilskotet på 1 milliard kroner 25. februar 2021. Andre del av tilskotet på 750 millioner, blei tildelt 15. april 2021.

 

I dei to siste omgangane er midlane fordelt etter tilsette i verksemder innan overnatting,  servering sport og fritidsaktivitetar, reisebyrå og handel med unntak av motorvogn og daglegvarar og støtta skal gå til

 

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.
  • Støtte til verksemder innanfor overnatting, reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune. 

Søknaden må dokumentera tap som følge av smitterverntiltak og nedstenging.

Innsending av søknad

Søknad skal sendast elektronisk via regionalforvaltning.

Bedriftene som søkte sist blir automatisk med i vurderinga for nye midlar, men kan også gå inn å redigera sine søknadar om ønskjeleg. Andre aktuelle bedrifter søker gjennom denne portalen.

Vurdering av søknadar

Søknadane vil bli behandla administrativt kort tid etter søknadsfrist og utbetalt på kontonummer som er oppgitt i søknaden. 

Meir informasjon finn du her

Søknadsfrist

25. septmeber 2021.

Anna informasjon

Opplysningar som blir gitt i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.

Ordninga følger reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir

Kontaktpersonar

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller mobil 45 86 55 08.

Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling. Mobil 93 64 60 43 eller anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen