(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Sunnfjord kommune

Er di bedrift særleg hardt ramma av smitteverntiltak? Og har den falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane?

 Sunnfjord kommune er tildelt 2.027.239 kroner til kommunal kompensasjonsordning, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

 Sunnfjord kommune har delegert til Sunnfjord Utvikling å forvalte tilskotet. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Med atterhald om godkjenning i Sunnfjord kommunestyre 25. mars 2021 vert fordelinga slik:

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:

Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som

  1. heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  2. har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

  1. Reiseliv, arrangement og serveringsstader. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å særleg prioritere reiselivsbedrifter som av ulike grunnar ikkje kan vise til ein reell omsetningssvikt. Samt til serveringsstader som vart ramma av skjenkestopp.
  2. Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å kompensere for medlemskontingent på 2019-nivå
  3. Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Storleik på tilskotet:

Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 200.000 per bedrift. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

  1. Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  2. Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  3. Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  4. Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021
  5. Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga
  6. Tilskot må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

 

For meir informasjon kontakt:

Rådgjevar Tuva Eide                                      tuva.eide@sunnfjord.no            90 27 58 69
Konst. dagleg leiar Bente Hauge              bente.hauge@sunnfjord.no       95 26 13 59

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen