(Du er ikke pålogget) 
 

Stranda kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Om ordninga
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlartil kommunar som har arbeidsløyse over gjennomsnittet for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Stranda kommune har fått tildelt til saman 935 525 kr.

Føremålet med ordninga
Tilskotet skal setje kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

  • Ein skal prioritere lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga
  • Støtta er i hovudsak tenkt nytta  til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor svikt i omsetninga.

 

Målgruppe
I hovudsak lokale små- og mellomstore verksemder i Stranda kommune.

Støtteform

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.
Tildelinga vert basert på søknad med dokumentasjon (dvs. ikkje såkalla sjablongmessig tildeling).

 

Krav til søknad

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak og stenging, så som: 

        •       tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
        •       ekstra kostnader til smitteverntiltak
        •       andre kostnader  

Dokumentert tap må inkludere erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor). 

Det vil ikkje bli kravd skatteattest.


Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte: 200 000 EURO).


Søknad

Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no . Stranda kommune set i utgangspunktet krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring.

Søknadsfrist:

Fristen for å søkje er sett til fredag 7. mai.

 

Handsaming
Søknadene vert handsama i Formannskapet så snart råd er.

 

Meir informasjon

  • Statsbudsjettet 2021 – Tilskottsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder
  • Anna informasjon: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, men kommunen vil halde unna informasjon som er U.off etter Offentleglova.
  • Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Inge Bjørdal (E: inge.bjordal@stranda.kommune.no. M: 464 11 023)

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen