(Du er ikke pålogget) 
 

Sande kommune - Kompensasjonsfond 2021, Covid-19

Sande kommune – Kompensasjonsfond 2021, Covid-19

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har på nytt tildelt kommunane økonomiske midlar som skal nyttast til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i samband med pandemien.

På dette kompensasjonsfondet (del 6) kan utvalde verksemder i Sande kommune søke kompensasjonsmidlar som følgje av tapt varelager eller generelt verksemder som har økte kostnadar pga smitteverntiltak. Kriteria og prioriteringane er spesifisert slik:

  1. Verksemder som kan dokumentere tap av varelager som følgje av regjeringa sin nasjonal skjenkestopp i desember -21. Verksemdene må vere registrert med næringskode NACE 55 (overnattingsverksemd) og/eller 56 (serveringsverksemd).
  2. Verksemder som kan dokumentere økte kostnadar som følge av smitteverntiltak for perioden november, desember -21 og januar -22.

Søknadsprosedyre:

Verksemdene må søke gjennom elektronisk via portalen www.regionalforvaltning.no .

Om verksemda ikkje alt har ein brukarkonto i portalen, må verksemda opprette dette. Følg fana «Registrer organisasjon» og fyll ut påfølgande skjema.

Når verksemda har oppretta brukarkonto og er logga inn, så ligg der lenker til ulike støtteordningar. Søk opp/finn ordninga «Sande kommune – Kompensasjonsfond 2021, Covid-19» og start søkeprosessen.

Søknadsfrist:

  • Søknadsfrist vert sett til 20.februar 2022.

Kven kan søke og generelle vilkår:

  • Verksemdene skal ha forretningsadresse i Sande kommune og verksemdene skal drive sin verdiskapande aktivitet i Sande kommune.
  • Verksemdene skal vere registrert med organisasjonsnr i føretaksregisteret.
  • Verksemdene sin rekneskapsansvarlige skal dokumentere tapt varelager / økte kostnadar gjennom attestert oppstillingar som vedlegg til søknad.
  • Tilsegn om støtte vert tildelt etter regelverket for «Notifisert ordning».
  • Verksemdene som ynskjer å søke tilskot skal søke gjennom portalen www.regionalforvaltning.no . Portalens søknadsskjema inkl eigenerklæring skal nyttast.

Annan informasjon:

Støttebeløp vil verte avkorta forholdsmessig dersom totalsum av alle søknader overstig tildelt ramme til kommunen.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen