(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 2021- Tokke kommune

KOMMUNAL KOMPENSASJONSORDNING TIL LOKALE VERKSEMDER – TOKKE KOMMUNE

Tokke kommune har gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet fått tildelt        kr. 500 000 til ei kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder.

Tokke kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan og vere aktuelt å gi støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur- og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

 

 PRIORITERING AV SØKNADER

Verksemder som ikkje kvalifiserer til å nytte seg av dei statlege kompensasjonsordningane vil bli prioritert.

Søknader vil også sjåast  i samanheng med om verksemda har fått støtte tidlegare frå tilsvarande og eller andre ordningar.

REGELVERK FOR BEHANDLING

Søknadene vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentlig støtte. Tilskotet vert gjeve som “bagatellmessig støtte” , noko som inneber at verksemda ikkje kan ha mottatt offentlig tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein periode på 3 år.

NETTSØKNAD

Søknad utføras på www.regionalforvaltning.no med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har komen utanfor dei statlege kompensasjonsordningane. I tillegg skal ein opplyse om det er mottatt offentleg støtte tidlegare.

SØKNADSFRIST

Søknadsfrist 1. mai 2021

Dersom det er meir midlar tilgjengeleg er seiste søknadsfrist 20.08.21 

UTBETALING AV TILSKOTET

Tilskotet vert i hovudsak utbetalt etterskotsvis etter rapportering og dokumentasjon av utgifter.  

KONTAKTINFORMASJON

For ytterlegare informasjon og vegleiing kan søkjarar kontakte:

Tokke kommune

Åse Ingebjørg Flateland

Telefon: 91721365

E-post: aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen