(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal Kompensasjonsordning 1 - Fjaler kommune

 

Kompensasjonsordning:

 

Fjaler kommune er tildelt 250 000 kroner til kommunal kompensasjonsordning, løyvd av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsrdningane.

 Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal-og moderniseringsdepartementet.

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:

Midlane skal brukast på tiltak for små og mellomstore lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

 

  • helt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  • har kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstegning

     

    Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

     

  • Reiseliv, arrangement og serveringsstader
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiseliv
  • Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av

                           pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

 

Storleik på tilskotet:

Ingen størrelse er satt, men midlane som er tilgjengeleg er på  NOK 250 000.

 

Krav til søkarane:

 Verksemda må ha forretningsadresse i Fjaler kommune

Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/ tvungen avvikling.

Opplyse om kva anna offentleg støtte foretaket har mottatt i løpet av 2019,2020 og 2021.

Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga.

 

Søknadsfrist: 11.06.21

 Søknadsportal og forholdet til regelverket:

 

Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel « Kommunal kompensasjonsordning for Fjaler kommune».

Tilskot til verksemder må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

 

-Næringsjefen-

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen