(Du er ikke pålogget) 
 

Stønad til verksemder spesielt råka av smittevernstiltak

Kommunal kompensasjon til lokale verksemder råka av nasjonale smitteverntiltak

Hjartdal kommune har frå Kommunal og moderniseringsdepartementet fått 500 000 kroner til ei kommunal kompensasjonsordning.

Kommunen skal fordele midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Støtte som kompenserar lokale verksemders kostnader eller tap som følgd av smitteverntiltak og nedstengning og stønad til verksomder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane skal prioriterast i tillegg til andre verksemder som er hardt råka med av ulike grunnar har felt utanfor dei generelle statlege kompensasjonsordningane.

Det er viktig å sette seg inn i formålet og prioriteringa av midlane før det søkjast.

PRIORITERING AV SØKNADER

Søknadar vil bli handsama av fondsstyret ved utgangen av april.

Råka verksemder som ikkje kvalifiserar til å nytte statlege kompensasjonsordningane vil bli prioritert.

Det vil og vurderast om verksemden har fått stønad tidligare frå tilsvarande eller andre ordningar.

 

REGELVERK FOR BEHANDLING

Søknadar handsamast i tråd med EØS-regelverket om offentleg stønad. Tilskotet gjevast i hovudsak som “bagatellmessig støtte”, som innebærer at verksemda ikkje kan ha mottatt samla offentleg tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein 3–års periode.

NETTSØKNAD

Søknad opprettes og sendes på 
www.regionalforvaltning.no med ei skildring av konsekvensane pandemisituasjonen har hatt for verksemda. Det må vedleggast dokumentasjon på kva omfang dei har hatt for virksomheten. I tillegg skal det gjerast rede for om det er motteken offentleg stønad tidligare.

SØKNADSFRIST

Detstenges for søknadar 25. april. Dersom det framleis er midlar til fordeling etter første handsaming vil det bli opna for nye søknadar.

UTBETALING AV TILSKUDDET

Tilskuddet utbetalast i hovudsak etterskotsvis etter rapportering og dokumentasjon av utgifter.  

 

 

KONTAKTINFORMASJON

For ytterligere informasjon og veiledning kan søkere kontakte:

Etablererkontoret v/:

 Rune Kolstad

Telefon: 977 15 927

E-post: rune.kolstad@nuas.no

Hjartdal kommune v/:

Stefan Langfors

Telefon: 928 99 979

E-post:stefan.langfors@hjartdal.kommune.no

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen