(Du er ikke pålogget) 
 

Fedje kommune - Koronastøtte til næringslivet

Opprett ny søknad på støtteordning

Fedje kommune har fått tildelt kr 500 000,- som skal fordelast vidare til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltak.

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg:

·        stønad som kompenserer for kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

·        stønad til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane

·        stønad for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

Kven kan søkje?

·      Kompensasjonsordninga skal gjelde for alle verksemder i Fedje kommune som er råka av smitteverntiltak.

·      Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Krav til søknad:

·        Verksemda må ha forretningsmessig adresse og drift i Fedje kommune.

·        Verksemda må kunne sannsynlegjera eit inntektsbortfall som har samanheng med samfunnsendringar grunna koronasituasjonen.

·        Verksemda må ha framtidsutsikter på kort og lang sikt og må legge fram plan for når verksemda ser føre seg å komme attende til normal drift.

·        Kommunen kan når som helst be om dokumentasjon som stadfestar at vilkår for tilsegn er overhalde.

·        Verksemda må vere skattepliktig til Noreg.

·        Dersom verksemda er organisert som ENK eller ANS/DA må hovudinntekt hentast får verksemda.

·        Verksemda må ikkje vere konkurs eller under avvikling.

Presisering om sakshandsaming

250.000 vert i utgangspunktet vurdert mot bedrifter som var aktive 12.03.20.

250.000 vert i utgangspunktet vurdert mot bedrifter som var aktive ved nedstenging mellom november-desember 2020 og fram til nå.

Saka vert handsama i kommunestyremøtet i juni 2021 etter innstilling frå formannskapet.

 

Søknadsfrist: 21. mai 2021

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen