(Du er ikke pålogget) 
 

Digitale talenter

Opprett ny søknad på støtteordning

Satsinga «Digitale talenter» er eit tiltak i NAV, der ei koplar unge i utanforskap med arbeidsgjevarar med behov for digital kompetanse. Mål for tiltaket er tilknyting til arbeid som gir talenta ei karriere og næringsliv/samfunn relevant kompetanse. Metodane og innhaldet i tiltaket er utvikla av verksemda Kunnskapstrening IT, i samarbeid med professor Michael G. Moore frå Penn State University i USA, som har utvikla teorien om «transactional distance».

Deltakarene – talenta – som blir rekruttert til tiltaket, har unik digital forkunnskap som for eksempel kompetanse innan programmering og koding, språk eller strategitenking. Andre har meir kunstnariske ferdigheiter. Ofte er denne kompetansen opparbeidd gjennom ungdomen sin interesse for dataspel. Tiltaket er ei årseining, det deltakarane får kompetanseheving og arbeidserfaring, kombinert med hjelp til livsmeistring. Eit ledd av opplæringa for dei unge, er tilbod om eksamen i enkeltkurs innan spelutvikling, 3D-animasjon og programmering i JAVA ved Universitetet i Stockholm. Dei får òg kursbevis for gjennomføring dersom dei ikkje består eksamen.

Kven kan søke?

  • Innovasjonsmiljø
  • Arbeidsgjevarar innan privat og offentleg sektor

Kva kan du søke tilskot til?

Tilrettelegging for gi relevant arbeidspraksis til ungdom som deltek i tiltaket «Digitale talenter» gjennom NAV.

Søknadsfrist:

Løpande ut 2021

Korleis søker du støtte?

Her er det mogleg å sende inn opne søknadar om tilskot til prosjekt som bidrag til å gi arbeidspraksis for digitale talent. Før du startar med søknaden, må du kontakte saksbehandlar for å avklare om prosjektet fell innanfor ordninga. Etter avtale med saksbehandlar, kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

  • Prosjektbeskriving
  • Organisering av prosjektet (samarbeidspartnarar)
  • Kostnadsplan
  • Finansieringsplan
  • Gevinstar eller forventa effekt

Treng du hjelp til utfylling av søknaden? Ta ein titt på dette dokumentet for innspel til kva vi ser etter i søknaden (lenke opnast i ny fane).

Vilkår for tilskot:

  • Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  • Tilskotet kan utgjere inntil femti av det prosjektet kostar. Det betyr at tilskotet kan bli redusert dersom prosjektet viser seg å koste mindre enn de hadde budsjettert med.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at de har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les elles gjeldande vilkår for kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune (lenke opnast i ny fane).

Krav til rapportering:

Rapporten og utbetalingsoppmodning sendast inn via regionalforvaltning.no innan fristen. Logg inn og finn søknaden som er innvilga, og be om utbetaling.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen