(Du er ikke pålogget) 
 

Støtte til lokale turismetiltak 2021

Det vart i formannskapet 6. mai 2021 løyvd kr. 1.000.000,- til lokale turismetiltak i regi av lokale lag, organisasjonar og bedrifter. Midlane vert fordelt av kommunen gjennom avtale med dei ulike aktørane, og skal brukast til dømes til å etablere/ utvide offentleg tilgjengelege toalettordningar eller andre tiltak knytt til handtering av turismen. Summen per tilskot skal helst ikkje overskride 200 000,-. 

Dette er midlar ein kan gi som støtte til lag/organisasjonar/bedrifter for å handtere lokale behov innan turismehandtering. Det er ein fordel om dei ulike aktørane kan samarbeide om gjennomføring og drift, og at ein satsar på permanente løysingar som er opne for offentlegheita. Det kan også vere løysingar som gjer at etablerte aktørar kan ha moglegheit til å auke kapasitet utover eigne kundar/gjester og kan gi eit offentleg tilbod. Det kan til dømes vere gjennom auka reinhald, utviding, etablering av betalingsløysingar for å få inn midlar til utviding av permanent toalettkapasitet.

Aktuelle søkarar kan sende inn ein enkel søknad om midlar til tiltak med kort informasjon om kva tiltak dei ønsker å gjennomføre, og kor mykje midlar ein søkar om. Tiltaka skal gagne offentlegheita og bør føre til permanente løysingar eller andre tiltak knytt til handtering av turismen.

Støtte blir utbetalt etter dokumentasjon på kostnadar inntil gitt ramme.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen