(Du er ikke pålogget) 
 

Stimuleringsordning for det profesjonelle kulturlivet

Opprett ny søknad på støtteordning

Stimuleringsordning for det profesjonelle kulturlivet i Møre og Romsdal i 2021. Med atterhald om vedtak for ordninga i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 8. juni.

Generelt om ordninga

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei stimuleringsordning for profesjonelle kunstnarar, arrangørar og formidlingsarenaer i Møre og Romsdal. Ordninga har ei økonomisk ramme på 2,4 millionar kroner.

Alle tildelingar vil bli offentleggjort på fylkeskommunen si heimeside.

Formål

Stimuleringsordninga til kultursektoren skal:

  • bidra til produksjon og formidling av profesjonell kunst og kultur
  • stimulere til aktivitet og gjennomføring av arrangement i kultursektoren gjennom den pågåande pandemien samt førebu for gjenopning av samfunnet

Kven kan søke?

  • Profesjonelle kunstnarar og kulturformidlarar, kunstgrupper
  • Kunst- og kulturprodusentar
  • Arrangørar
  • Visningsarenaer innanfor og på tvers av områda visuell kunst, musikk, scenekunst, film, foto og litteratur
  • Festivalar og historiske spel
  • Folkebibliotek, frivillig verksemd eller amatørverksemd kan søke om tilskot til profesjonelle bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar

Kven kan ikkje søke?

  • Institusjonar eller andre som har fått 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2019. Offentlege tilskot er støtte som omfattar tilskot til drift, tilskot til prosjekt eller anna økonomisk støtte frå det offentlege
  • Firma som leverer lyd, teknikk, lys med meir

Kva kan det søkast tilskot til?

Aktivitetane kan vere live og/eller digitale. Aktiviteten må bli satt i gang seinast innan 1. oktober 2021 og avslutta innan 31.12.2021.

  • Nyproduksjon (produksjon av scenekunst, konserter, utstillingar, med meir)
  • Kulturarrangement som er billetterte og opne for alle, som for eksempel konserter, teater, litteraturarrangement, dans, kunstutstillingar, filmvisningar
  • Kulturarrangement som må redusere tal på fysiske deltakarar som følge av smittevernomsyn knytt til pandemien

Eksempel på kva som ikkje er rekna som kulturarrangement i denne ordninga er:

Idrettsarrangement, sosialt samvær, nettverksbygging, messer, kurs og seminar, arrangement som i hovudsak er knytt til mat, drikke, natur, friluftsliv og reiseliv.

Kva kan det ikkje søkast tilskot til?

Det kan ikkje søkast tilskot til ordinær drift.

Det kan ikkje søkast tilskot til tiltak som allereie har fått tildeling eller avslag på andre ordningar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Søknadsfrist

17. juni kl. 12.00

Krav til søknad

  • Søknad skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • Kostnadsoverslag/budsjett og framdriftsplan for tiltaket må vere med
  • Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det framkomme i søknaden, samt at søkar må vise korleis søknadane heng saman
  • Søknad skal vere levert innan kl. 12.00 17. juni 2021

Vilkår for tilskot

Innleigde profesjonelle kunstnarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo sine satsar.

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt.
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis blir kravd tilbake.
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt.

Saksbehandling

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan utgangen av juni 2021.
  • 75 prosent av innvilga beløp blir utbetalt straks tildeling er gjort.
  • Endeleg rapport skal sendast innan 01.12.21.
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen