(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder - Del 2

Opprett ny søknad på støtteordning

Stortinget vedtok 23.02.21 å bevilge midlar til kommunene for å kompensere lokale bedrifter som er hardt ramma av smitteverntiltak eller nedstengning,

og som fell utanfor den statlege kompensasjonsordninga. Vestre Slidre kommune har motteke kr 500.000,- til fordeling i kommunen.

Etter at første søknadsfrist gjekk ut (01.06.21) har Formannskapet tildelt kr 381.728,- av midlane. Gjenståande beløp, kr 118.272,- vert lagt ut som

Kommunal kompensasjnsordning - Del 2 med søknadsfrist 01.08.21

 

Kven kan søke?

Verksemder med forretningsadresse i Vestre Slidre som kan dokumentere tap av inntekter og/eller ekstra kostnader som følge av smitteverntiltak,

nedstengning eller redusert aktivitet. Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt arrangementsverksemd, kan også søke.

Verksemder under konkursbehandling eller under avvikling fell utanfor ordninga. 

 

Tildelingskriterie

1) Søkjar må kunne dokumenter nedgang i driftsresultat som følge av korona-pandemien på minimum 20 % for perioden 01.01.21 til 30.06.21

samanlikna med same periode i 2019 (evt. for januar - april). Eventuelle tildelingar frå andre kompensasjonsordningar knytt til covid-19 må framgå av

søknaden. Tapet i kroner må vere meir enn kr 20.000,-. For nyetablerte verksemder og destinasjons- og arrangementsselskap må tapet sannsynleggjerast i søknaden.

2) Tap utover minimumsbeløpet vil bli kompensert ut frå ei prosentmessig fordeling, avhengig av midlane kommunen har til rådvelde.

 

Søknadane vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentleg støtte. Tilskotet vert gjeve som "bagatellmessig støtte", noko som inneber at verksemda

ikkje kan ha motteke offentleg tilskot på over 200.000 EURO i løpet av siste 3-års periode.

Søknad

Søknadsskjema ligg på www.regionalforvaltning.no. Du må opprette brukar (om du ikkje allereie er brukar frå før). Logg inn.

Søk støtteordning for Vestre Slidre kommune - kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder (Covid-19).

Hugs å legge ved rekneskapsoversikt for dei 6 (evt. 4) fyrste månadane i 2021 og 2019.

Søknadsfrist: 01.08.2021

Søknader vert handsama samla i Formannskapet etter at fristen er ute, og tilskot vert utbetalt til kontonummeret som er oppgitt i søknaden.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen