(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 2021- Del 3 - Tokke kommune

 

KOMMUNAL KOMPENSASJONSORDNING COVID 19 – DEL 3 - TIL LOKALE VERKSEMDER I TOKKE KOMMUNE
Tokke kommune har gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet fått tildelt kr. 295.000 til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, del 3.
Tokke kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som er hardt ramma av strenge lokale eller nasjonale smitteverntiltak og/eller nedstenging. og som har hatt  auka kostnadar eller tap som følgje av dette.

 
PRIORITERING AV SØKNADER
Verksemder som av ulike grunner fell heilt eller delvis utanfor generelle kompensasjonsordningar vert prioritert.
Søknader vil også sjåast  i samanheng med om verksemda har fått støtte tidlegare frå tilsvarande eller andre ordningar.


REGELVERK FOR BEHANDLING
Søknadene vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentlig støtte. Tilskotet vert gjeve som “bagatellmessig støtte” , noko som inneber at verksemda ikkje kan ha mottatt offentlig tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein periode på 3 år.


NETTSØKNAD
Søknad utføras på
www.regionalforvaltning.no  med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har komen utanfor dei statlege kompensasjonsordningane. Dokumentasjon om auka kostnadar og tap skal følgje søknaden. I tillegg skal ein opplyse om det er mottatt offentleg støtte tidlegare.

Søknadsfrist 30.september 2021 kl 23.59.

Tilskotet vert utbetalt i hht. dokumentasjon av utgifter eller tap. 

 
KONTAKTINFORMASJON
For ytterlegare informasjon og vegleiing kan søkjarar kontakte:
Tokke kommune
Åse Ingebjørg Flateland
Telefon: 91721365
E-post: aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen