(Du er ikke pålogget) 
 

Lokal kompensasjonsordning runde tre - Lom kommune

Lom kommune -  Kommunal kompensasjonsordning for lokalt næringsliv rammet av covid-19 situasjonen -  runde 3

Kommunane har fått tilført nye midlar frå KMD til den kommunale kompensasjonsordninga, og Lom kommune har fått kr. 1 389 000,- til fordeling. Midlane må delast ut innan 1. november. 

Søknadsfrist er sett til 23.09.2021 kl 23:59.

Målet for ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særs hard ramma av lokale og nasjonale smitteverktiltak.  Ordninga skal fungere som ein kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Det er eit avgrensa beløp Lom kommune har fått til fordeling og det kan bli naudsynt med ein skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

Legg merke til at alle opplysningar i søknaden vil bli journalført og dermed bli offentleg informasjon.

Søknaden må innehalda følgjande:

  • Kort beskrivelse av korleis bedrifta har vorte ramma av omsetningssvikt på grunn av korona eller meirkostnadar på grunn av smittevernrestriksjonar (legg med som vedlegg).
  • Årsregnskap (samanstillingar) for 2019 (referanseår), 2020 og 1. halvår 2021.
  • Omsetningstap i perioden frå 1. januar 2021 til 1. juli 2021, samanlikna med fyrste halvdel av 2019 (referanseår). Du kan søkje om kompensasjon på inntil 50% av omsetningstapet.
  • Om bedrifta har motteke bagatellmessig støtte dei siste tre regnskapsåra + fyrste halvår av 2021, og eventuelt kor mykje.
  • Om bedrifta har falt heilt eller delvis utanfor andre kompensasjonsordningar
  • Bedrifter som er etablert etter mars 2020 kan også søkje, dei må da dokumentere meirkostnadar knytt til smittevernstiltak på grunn av korona.

    Kven kan søkje midlar?

  • Søkjar må ha eit organisasjonsnummer
  • Bedrifta må ha forretningsadresse i Lom kommune
  • Bedrifter som på søknadstidspunktet er under konkursbehandling eller under frivillig eller tvungen avvikling kan ikkje søkje
  • Bedrifter som søkte på runde 1 og 2 kan søkje på nytt att i runde tre, men tidlegare tildeling vil bli vektlagt.
  • Bedrifter som ikkje har tilsette kan ikkje motta kompensasjon

Ta kontakt med næringssjefen i Lom kommune for å få rådgjeving før du sender inn ein søknad på ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977.
Her finn du eit kort webinar med ein gjennomgang av retningslinjer og søknadsskjemaet: https://www.facebook.com/ashild.m.amundsen/videos/373684061105669

Alle søknadar skal sendast via www.regionalforvaltning.no innanfor fristen (hugs å trykke på "send inn" knappen).

Framdriftsplan:

Dato

Aktivitet

31.08.2021

Utlysingstekst og prioriteringar blir vedteke i formannskapet

31.08.2021

Utlysing blir lagt ut på regionalforvaltning.no

23.09.2021 kl 23:59

Søknadsfrist

Veke 39

Saksbehandling

05. 10.2021

Utsending av saksdokument til formannskap

11.10.2021

Utsending av saksdokument til kommunestyret

12.10.2021

Behandling i formannskap

19.10.2021

Behandling i kommunestyret, og deretter utbetaling av midlar

01.11.2021

Frist tilsegn KMD / rapportering i regionalforvaltning.no


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen