(Du er ikke pålogget) 
 

Kvinnherad kommune Kommunal kompensasjonsordning Covid 19 runde 3

Opprett ny søknad på støtteordning

Kvinnherad kommune - Kommunal kompensasjonsordning Covid 19 – runde 3

Gjennom statsbudsjettet 2021 - kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder 553 post 68, har Kvinnherad kommune i høve til Stortinget sitt budsjettvedtak av 18.06.2021, mottatt kr. 1.185.000 til fordeling til lokalt næringsliv. 

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder. 

Målgruppa er dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Det vil bli vektlagt om søker heilt eller delvis fell utanfor øvrige kompensasjonsordningar, om dei har fått støtte frå før og har mista kundegrunnlaget som følge av smitteverntiltak. Dette er særleg aktuelt for bedrifter som i hovudsak rettar seg mot den utanlandske marknaden.

Ordninga omfattar:

  • Nedgang i omsetning i deler av / heile 2020 og 2021.
  • Økte kostnader som følge av smitteverntiltak
  • Faste kostnader og/eller forpliktingar som ikkje er dekka av andre ordningar
  • Dersom det er andre element som de meiner bør med i vurderinga, bør ein utgreie dette.  

Kriteria:

  • Verksemda må ha operativ verksemd i Kvinnherad  kommune
  • Bedrifter utan tilsette kan ikkje søke. Unntak er enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap der føretaket si inntekt er minst ein av deltakarane si hovudinntekt
  • Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

Endeleg kriterier fastsett i formannskapsmøte i Kvinnherad kommune 16.september 2021: 

Kriteria:

Tredje tildeling er på kr 1.185.000. Kommunedirektør tilrår å tildele ut frå eit minimumsbeløp på kr 30.000 aukande til maksimum kr 100.000. Dette er summar som kan vere viktige for små og mellomstore verksemder.

Storleiken på tilskotet vert sett ut frå dokumenterte inntektstap som følgje av nedstenging og/eller ekstrakostnader som følgje av smitteverntiltak. Mengda godkjende søknader vil spele inn på storleiken på dei einskilde tildelingane. Ved stor søknadsmengd vil søkjarane med minst tap/ekstrakostnader kunne få avslag sjølv om dei elles innfrir kriteria. Kommunedirektør tilrår at tildelinga skjer etter følgande prioritering:

 1. Søknader frå verksemder som ikkje har fått tilskot frå Kommunal kompensasjonsordning 2021

2. Søknader frå verksemder som fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane

3. Søknader frå verksemder som er spesielt ramma økonomisk av nasjonale eller lokale koronatiltak, først og fremst dei som har måtte stenge eller fått kraftig redusert (areal- )rammer for drift.

 

Krav til vedlegg/dokumentasjon:

· Søkar skal gje ei kortfatta utgreiing på korleis smitteverntiltaka og nedstenging har påverka økonomien (omsetningssvikt, tap eller meirkostnader), og kva avbøtande tiltak som eventuelt er gjort.

 · Søkar må vise til om de har falt heilt eller delvis ut av andre kompensasjonsordningar som er gitt som følge av Covid-19.

· Søker må kunne vise til fall i omsetning samanlikna med tilsvarande periodar tidlegare. Regnskapet for 2020 skal samanliknast mot tidligare år. Det må føreligge dokumentasjon med erklæring frå revisor/regnskapsfører.

· Det må opplysast i søknaden om selskapet har motteke støtte frå andre kompensasjonsordningar i 2020 og 2021, som følge av koronapandemien, og i tilfelle gjennom kva ordning og kor mye.

· Det må opplysast om/kva verksemda har motteke i bagatellmessige støtte for dei siste tre åra. Verksemda kan ikkje få meir enn EUR 200.000 i bagatellmessig støtte i treårsperioden. 739 Kvinnherad kommune side 3

· Skatteattest skal leggast ved søknaden. Verksemda kan ikkje vere insolvent, under konkursbehandling eller under avvikling.

 

For meir informasjon om ordninga sjå og «Tilskuddsbrev fra Kommunal og moderniseringsdepartementet» https://www.regjeringen.no/contentassets/b36aedd2883d4926841fc8f590ec4bae/statsbudsjett-2021-tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonso1421472.pdf

Vedlegg til søknadsskjema:

  • Ei skildring av bakgrunnen for søknaden som omhandlar kvifor søkar har omsetningssvikt og/eller meirkostnader og ei spesifisering av tapt omsetning og/eller meirkostnader som viser korleis søkar har kome fram til søknadsbeløpet
  • Årsregnskap for 2019 (referanseår) og årsregnskap for 2020 og første halvår 2021

Søknaden er basert på tillit, men stadfesting frå rekneskapsførar/revisor kan bli etterspurd.  

Kostnader som er dekka gjennom andre kompensasjonsordningar støttast ikkje.

Søknad:
Søknad skal registrerast på www.regionalforvaltning.no.

Opprett brukar (dersom du ikkje allereie har brukarid) og vel «Logg inn». Legg inn «Kvinnherad kommune» i søkefeltet og vel «Kvinnherad kommune – Kommunal kompensasjonsordning – runde 3». Fyll ut søknadsskjema så nøyaktig som mogleg.

Søknadsfrist 30. september 2021 kl. 24.00.

Utbetaling av tilskotet:
Tilskotet vert utbetalt seinast 31. oktober 2021 til kontonummeret som er oppgitt i søknaden.

Kontaktperson i Kvinnherad kommune er Grete Solheim: grete.solheim@kvinnherad.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen