(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 2021 - Stryn kommune

Stryn kommune

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

 

Stryn kommune har motteke kr. 2,5 mill. i tredje tildeling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedr. tilskot for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Mål for tilskotet og krav til bruk

Målet med tilskotet er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for både etablerte og nyetablerte verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, som kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Ordninga skal òg fungere som ei ventilordning for å kompensere verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunen har betydeleg friheit til å tilpasse kva slags verksemder ein støttar, avhengig av situasjonen i Stryn kommune.

Midlane i denne runden må vere gjeve tilsagn på seinast 1.11.2021.

Målgruppa er alle lokale små- og mellomstore verksemder i Stryn kommune.

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsagn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningslinjer for bruk av statsmidlar.

Krav til søknad

Søknaden må ha god skildring av situasjonen for ditt selskap og vere vedlagt attestert (rekneskapsførar/revisor) rekneskaps-dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak, redusert aktivitet og stenging i 2021 (januar t.o.m. august) samanlikna med tilsvarande periode i eit normalår (dersom du ikkje er nystarta). Det skal også leggast ved  rekneskaps-balanse som dokumenterer likviditets-situasjonen for verksemda.

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte foretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Søkjar må sørge for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til eikvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte – max EURO 200.000,-).

Søknader må sendast inn via www.regionalforvaltning.no.

Vi legg opp til å handsame søknadane i Formannskapet 7. oktober 2021.

Søknadsfrist 20. september 2021.

            For meir informasjon: Statsbudsjettet 2021 – Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter

            Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

            Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Eivind Hopland, tlf. 90 86 11 26, eller eivind.hopland@stryn.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen