(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjons­ordning Sogndal kommune – runde 4 - 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Sogndal kommune er tildelt nye 2 743 000 kroner til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Midlane vert no lyst ut. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Søknadsfristen er 3. oktober

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:

Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • Heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane

  • Har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og/eller nedstenging

  • Har hatt kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og /eller nedstenging, som vil nytte midlane til konkrete tiltak som kan skape aktivitet for næringsliv og innbyggjarar, og styrke kommunen som reisemål.

 

Storleik på tilskotet:

Tilskotet skal ikkje overstige 50 % av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sogndal kommune

  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling

  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021

  • Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga

  • Tilskot må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

  • Er bedrifta ein del av eit større konsern må dette framgå av søknaden.

  • Dokumentasjon på tap

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen