(Du er ikke pålogget) 
 

Alver kommune, kommunal kompensasjonsordning, 4. runde, søknadsfrist 1.12.21

Alver kommune har fått tildelt NOK 3.495.000  som skal fordelast vidare til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltak grunna C-19 pandemien.

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak og for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordninga.

 

Kven som kan søkje og kva for krav som vert stilt til søknad:

  • Kompensasjonsordninga gjeld primært for verksemder som ikkje har mottatt koronastønad frå Alver kommune tidlegare, men alle verksemder i Alver kommune som er råka av smitteverntiltak kan søkje. Ved mange søknader, kan verksemder som ikkje har mottatt koronastønad frå kommunen tidlegare prioriterast.
  • Stønaden vert gjeve etter reglane for bagatellmessig stønad. Søkjar må dokumentere eventuell anna motteke offentleg stønad i løpet av 2019, 2020 og 2021.
  • Søkarar må dokumentere omsetnadssvikt eller betydelege kostandar for smittevernstiltak i 2020 og/eller 2021 i form av rekneskapsrapport.
  • For å få stønad må verksemdene vere registrert før 12. mars 2020 og ikkje vere under konkursbehandling eller avvikling.

     

  • Vidare må verksemder drive lovleg og ha betalt skattar, avgifter og forskotstrekk med forfall før 29. februar 2020 

Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Søknadsfrist: 1. desember 2021

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen