(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 5 og 6 - Stord kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder i Stord kommune - tildelingsrunde 5 og 6 

 

Stord kommune har til fordeling kr  4 229 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. 

For tildelingsrunde 5 er summen kr. 1 691 000 og for tildelingsrunde 6 er summen kr. 2 538 000,-.

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 

 

 Stord formannskap har vedteke følgjande kriterier for tildeling av midlane:

  •  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som har særlege utfordringar som følgje av smitteverntiltaka og kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet.
    Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av tapt omsetnad/kostnader og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan som hovudregel maks søkjast om kr 300 000.
    Reiselivs- og serveringsnæringa og arrangement skal ha særleg prioritet i runde 5.
    Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte. 
    Femte og sjette tildelingsrunde skal kompensera for tapt omsetnad etter 1. september 2021.
     

Lag og organisasjonar er ikkje søknadsberettiga. 

 

Korleis søkje: 

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no.  

Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord 5 og 6». 

Det skal leggast ved dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt etter 1. september 2021  

   Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadaneFormannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling. 

 

Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 4. februar 2022 

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Athenoreidun@atheno.no    

Tlf  917 45 102 

 

 


 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen