(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning del VI 533-68

KMD har utvida den kommunale kompensasjonsordninga for lokale verksemder og løyvd nye 354 000 kroner til Valle kommune. Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter.

 

Kven kan søkje

  • Lokale verksemder innan bransjene servering og overnatting vil bli prioritert.
  • Kostnader og tap må vere knytt til siste halvår 2021 + 01.01. til 13.01.2022, og omsetning i forhold til siste halvår 2019.
  • Verksemda må være registrert i foretaksregisteret og ha eit kommersielt formål
  • Verksemda må ha adresse i Valle kommune og ha eigne tilsette

Verksemder som er under konkursbehandling eller under avvikling kan ikkje søke.
 

 

Bedrifter kan søkje om tilskot til dekking av

  • Dokumentert tap av omsetning
  • Dokumenterte økte kostnader knyttet til covid pandemien
  • Dokumentert tap av varer/avbestillinger o.l.

 

Søknad og vedlegg

Kommunen ber om at følgjande vedlegg/opplysning vert sendt med søknaden:

  • Rekneskap for perioden 01.07.19 – 31.12.19
  • Omsetning frå rekneskapet for perioden 01.07.21 –13.01.2022
  • Beskrivelser og dokumentasjon for auka kostnader og tap i 4. kvartal 2021 + 01.01 til 13.01.2022 (F.eks. avbestillinger, fakturaer gjeldende covid tiltak osv.)
  • Grunngjeving for kvifor verksemda er særleg hardt ramma av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak
  • Tal på fast tilsette

Støtta  vert å sjå på som eit driftstilskot, men vert ikkje rekna som omsetning når du søkjer på den nasjonale kompensasjonsordninga.

Tilskota vil bli fordelt forholdsmessig. Storleik på tilskotet vil ikkje vere klar før etter søknadsfristen og etter at det er gjort utrekningar. Tal på søkjarar vil også vere noko som avgjer storleiken på tilskotet. Støttebeløp kan ikkje vere høgare enn omsetningstapet og meirkostnader.

Det kan ikkje forventast å få dekka alle tap/utgifter bedrifta har hatt.

Støtta vert gjeve etter reglane for offentleg støtte og nasjonal notifisert ordning under Covid-19 rammeverket (Dec. No 031/21/COL). 

Tildelinga føreset at det vert oppgjeve eventuelt kva for anna offentleg støtte næringsdrivande har motteke som bagatellmessig støtte i 2019, 2020 og 2021.

Søknad skal sendast via www.regionalforvaltning.no - ordninga heiter Kommunal kompensasjonsordning 533-68. Søknadsskjema Kommunal kompensasjonsordning #2 (DNNO)

 

Søknadsfrist og utbetaling

Søknadsfristen er 31 januar 2022, tilskota vil bli utbetalt så snart som det er praktisk mogleg. 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen