(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjons­ordning Sogndal Kommune – runde 6

Opprett ny søknad på støtteordning

Retningslinjer for kommunalt næringsfond i Sogndal kommune

  1. Bakgrunn

    Retningslinjene gjeld for kommunalt næringsfond i Sogndal kommune, etablert etter til Prop. 195 S (2020-2021)- Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og prop. 79 S (2020-2021) «Økonomiske tiltak i møte med pandemien».

  2. Forvaltning av fondet

    Fondet skal nyttast i samsvar med «Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter» av 22. desember 2021. All støtte skal gjevast i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

    Delegasjonsreglement vert nytta i samsvar med tidlegare ordningar, der det er gjort fylgjande vedtak om delegasjon av vedtaksmynde for fondet:

    1. Inntil 200.000 delegert til administrasjonen i Sogndal kommune.
    2. Tilskotsbeløp over 200.000 delegert til formannskapet.

    Søknadsfrist er sett til 31.01.2022, og næringar og bransjar som er særleg hardt ramma av pandemirelaterte utfordringar skal prioriterast. Sogndal har fått midlane med grunnlag i at ein er ein av kommunane som normalt har høg del utanlandske overnattingsbesøk.

  3. Målsetjing med tilskotet

    Målet med ordningen er å sette kommunene raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale virksomheter for å opprettholde arbeidsplasser og viktig kompetanse i bedrifter.

    Verksemder som var i vanskar per 31/9/19, ref. gruppeunntaksforordninga sin artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje gjevast støtte.

  4. Støttevilkår

    Støtta vert gjeven i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Søkar pliktar å sette seg inn i dette regelverket. Nærings- og fiskeridepartementet har laga ein rettleiar i offentleg støtte som kan finnast her: veileder_offentlig-stotte.pdf (regjeringen.no)

    Tilskotta i denne runda vert gjevne i samsvar med den nasjonale paraplyordninga, notifisert av nærings- og fiskeridepartementet og godkjent i ESA den 16. april 2021. Søkar må opplyse om eventuelle konsernrelasjonar for søkarbedrifta.

  5. Klage

Vedtak vert rekna som enkeltvedtak etter §2 i forvaltningslova, og kan påklagast. Formannskapet er klagehandsamingsorgan for administrative vedtak. Kommunestyret er klagehandsamingsorgan for vedtak i formannskapet.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen