(Du er ikke pålogget) 
 

KKO Stryn - 5. og 6. tildeling

Stryn kommune

Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder

 

Stryn kommune har motteke kr. 2.257.000,-  samla i 5. og 6. tildeling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedr. tilskot for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er hardt ramma av endå ein runde med krevande smitteverntiltak.

 

Mål for tilskotet og krav til bruk

 

Målet med tilskotet er å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder slik at arbeidsplassar og viktig kompetanse i selskapa kan oppretthaldast.

Kommunen har betydeleg friheit til å tilpasse kva slags verksemder ein støttar, avhengig av situasjonen i vår kommune. Støtta må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte. KMD har notifisert ei nasjonal paraplyordning (godkjent av ESA 16. april 2021) for bruk av den kommunale kompensasjonsordninga og Stryn kommune vil bruke denne ved tildelinga no. Ordninga skal sikre tilgang til likviditet for verksemder som står overfor «en mangel eller en utilgjengelighet» av likviditet på grunn av covid-19-pandemien.

Midlane i denne runden må vere gjeve tilsagn på og sluttrapportert til departementet seinast 30.6.2022.

Målgruppa er alle lokale små- og mellomstore verksemder i Stryn kommune. I tråd med fordelingskriteriet av midlane frå KMD til kommunane, vil vi prioritere verksemder knytt til serverings- og overnattingsverksemder samt reisearrangørar (næringskoder 55, 56 og 79).

 

Krav til søkjar og søknad

 

·       Verksemda må ha forretningsadresse i Stryn kommune

·       Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller frivilleg/tvungen avvikling - eller ha vore i økonomiske vanskelegheiter pr. 31.12.2019

·       Verksemda må opplyse om motteke anna offentleg støtte dei tre siste åra

·       Verksemda må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak, redusert aktivitet og stenging i tredje kvartal 2021 (oktober t.o.m. desember) samanlikna med tilsvarande periode i eit normalår (2019).  Det skal leggast ved rekneskapsdokumentasjon.

·       Verksemda må vektlegge ei god skildring av situasjonen for selskapet

Søkjar må sørge for at samla motteke offentleg støtte til verksemda ikkje overstig dei grensene som til eikvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk.

Søknader må sendast inn via www.regionalforvaltning.no.

Vi legg opp til å handsame søknadane i Formannskapet 10. mars 2022.

 

Søknadsfrist 15. februar 2022.

            For meir informasjon: Statsbudsjettet 2021 – Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter, datert 17.12.21 og 22.12.21

            Hugs at opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

            Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Eivind Hopland, tlf. 90 86 11 26, eller eivind.hopland@stryn.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen