(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning nr 6 - Sauda kommune

Sauda kommune har fått tildelt NOK 462 000 til ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordningen er å sette kommunene raskt i stand til å hjelpe lokale verksemder å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse. Ordninga skal ved hjelp av direkte tilskot sikre likviditet til bedrifter råka av covid-19 pandemien.

Kven kan søkje?

Kompensasjonsordninga gjeld alle verksemder i Sauda kommune som igjen er råka av strenge smittevernstiltak på grunn av pandemien. Dette gjeld i særleg grad serverings, overnattingsverksemder og reisearrangørar.

Merk at kommunen har stor fridom til å støtte ulike delar av næringslivet avhengig av den lokale situasjonen.

Krav til søkar

a)           Verksemda må ha forretningsadresse i Sauda kommune.

b)          Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling.

c)           Verksemda må opplyse om anna offentleg støtte dei tre siste åra.

d)          Søkjar må dokumentere kostnader og tap som følgje av smittevernstiltak.

 

 

Søknader blir prioritert ut frå følgande kriterier

  • Støtta blir berekna forholdsmessig ut frå søknadsgrunnlaget, dokumentasjonen, mengden søknader og tilgjengelege midler til fordeling

 

Det er satt ei øvre grense for tildeling på kr 100 000 pr søknad.

Søknader vert handsama av For Sauda KF sitt styre.

Korleis søke om støtte?

Søknad sendes via www.regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel " kommunal kompensasjonsordning 6-Sauda kommune".

For spørsmål, ta kontakt med kommunalsjef Næring og Samfunn Eirik Daniel Fatnes på eirik.daniel.fatnes@sauda.kommune.no.

Søknadsfrist

2. februar 2022

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen