(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning #6 - 2021

Kommunal kompensasjonsordning - runde 6 - Bykle kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet  har utvida den kommunale kompensasjonsordninga for lokale verksemder og løyvd nye kr 915 000 til Bykle kommune.

Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter.

 

Kven kan søkje

  • Lokale verksemder innan bransjene servering og overnatting vil bli prioritert (næringskode 55, 56 og 79).
  • Andre verksemder kan søkje, spesielt vil da verksemder med blanda føremål innan servering, overnatting mv bli prioritert. 
  • Kostnader og tap må vere knytt til siste halvår 2021 og omsetning i forhold til siste halvår 2019.
  • Verksemda må være registrert i foretaksregisteret og ha eit kommersielt formål
  • Verksemda må ha adresse i Bykle kommune og ha eigne tilsette

Verksemder som er under konkursbehandling eller under avvikling kan ikkje søke.
 

 

Bedrifter kan søkje om tilskot til dekking av

  • Dokumentert tap av omsetning
  • Dokumenterte økte kostnader knytt til covid-pandemien
  • Dokumentert tap av varer/avbestillingar o.l.

 

Søknad og vedlegg

Kommunen ber om at følgjande vedlegg/opplysning vert sendt med søknaden:

  • Rekneskap for perioden 01.07.19 – 31.12.19
  • Omsetning frå rekneskapet for perioden 01.07.21 –31.12.2021
  • Beskrivelser og dokumentasjon for auka kostnader og tap i 4. kvartal 2021 (F.eks. avbestillinger, fakturaer gjeldende covid-tiltak osv.)
  • Grunngjeving for kvifor verksemda er særleg hardt ramma av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak
  • Tal på fast tilsette

 

Forutsetningar og behandling

  • Støtta vert å sjå på som eit driftstilskot, men vert ikkje rekna som omsetning når du søkjer på den nasjonale kompensasjonsordninga.
  • Støtta vert gjeve etter reglane for offentleg støtte og nasjonal notifisert ordning under Covid-19 rammeverket (Dec. No 031/21/COL). 
  • Tildelinga føreset at det vert oppgjeve eventuelt kva for anna offentleg støtte næringsdrivande har motteke som bagatellmessig støtte i 2019, 2020 og 2021.
  • Søknad skal sendast via www.regionalforvaltning.no - søk etter Bykle kommune.

 

Søknadsfrist og utbetaling

Søknadsfristen er 25. januar 2022, tilskota vil bli utbetalt så snart som det er praktisk mogleg. 

 

Kontakt

Dersom noko er uklart kontakt næringsrådgjevar Trine Tharaldsen, e-post trine.tharaldsen@bykle.kommune.no, telefon 980 52 190. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen