(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 6. runde

Bremanger kommune har mottatt kr. 310 000,- i 6. tildeling av midlar til ein kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedriftene.


Departementet forventar at kommunen tildela midlane til bedriftene raskast mogleg.
Ordninga skal kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Verksemder i følgande bransjar kan søke:

  • Overnatting,
  • Arrangement, Aktivitetsselskap 
  • Oppleving næring inklusive reiselivsarrangørar
  • Servering, catering

Ordninga omfattar 2021 og gjelder:

  • Tapt omsetning i 2021
  • Forringet varelager i 2021
  • Økte kostnader, f.eks. som følge av smitteverntiltak i 2021


Korleis søkje?
Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no. med dokumentasjon for tapte inntekter og ekstra kostnader.
Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentleg støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte. Næringsaktørar og verksemder skal vere registrert i Bremanger kommune.

Sak om tildeling frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder skal handsamast i Formannskapet 

Søknadsfrist vert sett til 11. februar 2022.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Ann Irene Myrheim
Bremanger Kommune 
Mobil: 975 28 561
ann.myrheim@bremanger.kommune.no 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen