(Du er ikke pålogget) 
 

Næringsutvikling og nyskaping i distrikta

Næringsutvikling og nyskaping i distrikta

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Ordninga skal fremme omstilling og nyskaping i næringsliv og lokalsamfunn. Målet er eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor, slik at Møre og Romsdal blir eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu, jf. Fylkesplan for Møre og Romsdal 2021-2024.  

Målgruppe: Kven kan søkje?

Kommunar, næringsforeiningar, innovasjonsmiljø og andre organisasjonar med nærings- og samfunnsutvikling som formål

 

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Prosjekt der ein får utvikla og testa ut nye arbeidsformer, nye verktøy, nye samarbeid med mål om å:

  • stimulere til vekst i det lokale næringslivet, basert på berekraftige løysingar
  • auke tilgangen på arbeidskraft til næringsliv og offentleg sektor

Prosjekt som inneber offentleg-privat samarbeid, samarbeid på tvers av kommunar, og prosjekt i kommunar med særlege distriktsutfordringar vil bli prioritert.

 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Bedriftsretta tiltak

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt

Inntil 50 prosent tilskot

Evalueringskriteria: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

Relevans

Gjennomføringsevne

Metodikk

 

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2023

6 mill. kroner

Finansieringskjelde

Økonomiplanen, ramme 59, Tiltaksfondet

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen