(Du er ikke pålogget) 
 

Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2022

Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2022

Midlar til berekraftig byutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport.

Kven kan søke? 

Ordninga er open for Kristiansund, Molde eller Ålesund kommunar. Kommunane står som ansvarleg søkar på tilskota, men det er ønskeleg med tydelege samarbeidsprosjekt med andre aktørar.

Søknadsfrist: 2. mai 2022 er det søknadsfrist for ein pott på totalt 6 mill. kroner.

Kva kan det søkast støtte til? 

I 2022-23 vil byprosjektet, i tråd med dei tre berekraftdimensjonane, ha følgjande overordna innsatsområde:

Sosial berekraft; Inkluderings- og mangfaldsbyen:

Dette betyr at vi vil prioritere tiltak som tydeleg:

·         - bidrar til betre folkehelse og gjer byane meir attraktive for alle aldrar.

·         - gir meir mangfald og inkludering og styrkar medverknaden i byutviklinga.

·         - gir meir plass til gåande og myke trafikantar og fører til meir aktivitet og liv i bysentrum.

Økonomisk berekraft; Den smarte, næringsvennlege og verdiskapande byen:

Dette betyr at vi vil prioritere:

·         - fysiske byutviklingsprosjekt som gjer byane meir attraktive og styrker regionen.

·         - prosjekt der ein bruker byregionen som testarena for nye løysingar og tar i bruk ny teknologi som bidreg til nyskapande og smart byutvikling.

·         - tiltak som tydeleg stimulerer handel, service og investeringar i sentrum, og styrkar samarbeid mellom gardeigarar og leigetakarar.

Miljømessig berekraft; Den grøne, blå og sirkulære byen;

Dette betyr at vi vil prioritere tiltak som tydeleg:

·         - bidrar til kutt i klimagassutslepp.

·         - styrkar det urbane naturmangfaldet, og rustar opp urbant grøntareal og vassdrag i byen.

·         - tiltak som fører til mindre avfall og meir gjenbruk og ombruk av forbruksvarer, byggevarer og bygg.

·         - legg grunnlag for målmedviten energieffektivisering i offentlege bygg.

·         - gjer byane meir motstandsdyktige mot negative konsekvensar av klimaendringar.

 

Det gis ikkje tilskot til:   

·         Ordinær planlegging som t.d. reguleringsplanar eller prosjektering av t.d. parkeringsplassar, gang/sykkelvegar eller småbåthamner 

·         Ordinær drift. 

·         Bygningar. 

·         Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta eller er ferdig.

 

Krav til søknaden

·         Ein må skrive i søknaden kva for eit (eller fleire) innsatsområde ein meiner prosjektet bidrar til. Samtidig må ein sannsynleggjere at prosjektet heller ikkje vil gå på tvers av, eller bidra til ei negativ utvikling, innan andre innsatsområde under dei andre berekraftdimensjonane.

·         Søknaden må skildre korleis kommunen vil organisere arbeidet og kva ressursar dei ser for seg å nytte.

·         Søknaden må innehalde eit kostnadsoverslag og ein finansieringsplan for prosjektet.

·         Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa av tiltak. Primært skal eigeninnsatsen øyremerkast som del av stilling. Refusjonskrav skal dokumenterast gjennom timerekneskap, med timepris på inntil 700 kroner. Ordinært sakshandsamingsarbeid kan ikkje takast med i rekneskapen.

·         Søknadane skal registrerast på www.regionalforvaltning.no, der det er sett opp ei ordning for «Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2022». Fylkeskommunen bidrar gjerne med rettleiing i utvikling av tiltak og søknad.

 

I vurderinga av prosjektsøknadar frå dei tre kommunane for tilskot frå byprosjektet i 2022 og 2023, så vil det bli stilt krav om at 2 av 3 av følgjande kriterium må vere innfridd:

 

·         Prosjektet må bidra til å realisere mål i Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021-2024. Ein må vise til kva mål ein bidrar til å nå.

·         Prosjektet må bidra til å styrke regionen på område der dei involverte kommunane eller heile regionen skårer lågt i berekraftkartlegginga (U4SSC-indikatorane).

·         Prosjektet må kunne vise til forankring i dei involverte kommunane sine eigne planar.

 

Kriterium for vurdering av søknad

I tillegg til i kva grad tiltaket er i tråd med krava over, så vil vi i vurderinga legge vekt på å prioritere...:

·         Prosjekt der minst to av dei tre kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund samarbeider, eller der ein samarbeider med ein eller fleire nabokommunar.

·         Prosjekt som involverer fleire aktørar frå ulike sektorar (som næringsliv, akademia/forsking, kultursektor, innbyggarar, frivilligheit mm.)

·         Prosjekt som bygger på og styrkar eksisterande utviklingsprosjekt i fylkeskommunal eller statleg regi (utbyggingsprosjekt, bypakkar mm.).

 

Meir om vilkår

·         Kommunane kan gjennom søknad få tilskot på inntil 50% av totalkostnad til tenesteutvikling, kompetanseheving, utgreiingsarbeid (kunnskapsgrunnlag og arkitektkonkurransar) og arrangement som styrker stadattraktiviteten og legg til rette for ei berekraftig utvikling for byregionen. Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden.

·         Prosjekta som får støtte i 2022 må vere avslutta og bedt om sluttutbetaling for innan 31. desember 2025.

 

Saksbehandling 

·         Søknaden blir vurdert etter offentleg støtteregelverk (EØS-avtalen). 

·         Søknadane blir behandla etter søknadsfristen og lagt fram for politisk utval for avgjerd.

·         Vi ønsker dialog med kvar enkelt av byane i forkant av ein formell søknad om midlar.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen