(Du er ikke pålogget) 
 

Cowork på bygda - attraktive arbeidsfelleskap

Formål: 
Ordninga skal støtte prosjekt for å utvikle attraktive arbeidsfellesskap (co-working), som skal bidra til at fleire vil arbeide og bo på bygda. Vi søker etter innovasjonsvillige aktørar som vil utforske, utvikle og prøve ut metodar og løysingar på arbeidsfellesskap i samarbeid med andre aktørar i kommunen eller i regionen. Målet er å bidra til meir attraktive lokalsamfunn og nye arbeidsplassar. 

Kva kan du søke tilskot til? 
Forstudie eller forprosjektarbeid for å:  

  • Skape merksemd, mobilisering, og engasjement rundt ideen om eit arbeidsfelleskap
  • Kartlegge potensielle ressursar lokalt, regionalt og nasjonalt som kan bidra med kompetanse. 
  • Utvikle eit konsept som tek tak i kvalitetane på staden, og brukar dette til å skape eit unikt fagleg og sosialt fellesskap.   
  • Skape eit samarbeid mellom kommune, næringsliv, innbyggjarar og andre aktørar. 
  • Lære av kunnskap og erfaringar frå andre stader som har utvikla gode løysingar på liknande utfordringar. 
  • Utvikle ein forretningsmodell som kan berekraftig drift over tid.

Kva kan vi ikkje støtte? 

  • Utvikling av enkeltbedrifter 
  • Marknadsføring, mellom anna utarbeiding av marknadsmateriell, brosjyrar, og portalar/nettsider, infoskilt, digitale verktøy m.m.
  • investeringar og drift av fysisk utstyr eller programvare 
  • Subsidiert leige av kontorplassar

Kven kan søke? 

  • Kommunen, gårdeigarar, lokale utviklingsselskap eller liknande. Prosjekt der fleire aktørar samarbeider vil bli prioritert.   

 Generelle vilkår 
Det kan søkast om støtte til utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift.
Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført. 
Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta. 
Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 
Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time. 
Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode. 
Søkar må opplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra. 

 
Saksbehandling

Fylkeskommunen vil invitere til eit webinar om denne utlysinga den 7. april 2022. Dette vil bli annonsert på mrfylke.no. 

Søknadsfristen er 2. mai 2022. Søknadane vil bli behandla av Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, i møte 14. juni 2022.   

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen