(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utvikling av berekraftig sjømatproduksjon i Vestland

Tilskot til utvikling av berekraftig sjømatproduksjon i Vestland

Vestland fylkeskommune lyser ut inntil 6 millionar kr i tilskot til forsterka innsats for berekraftig sjømatproduksjon i Vestland.

Formålet med tilskotsmidlane er å løyse sentrale utfordringar kring berekraftig matproduksjon, primært knytt til akvakultur. Midlane skal gå til tiltak eller prosjekt som fremmar ei god forvaltning og ei berekraftig marin verdiskaping.

Vestland fylkeskommune sin regionale plan for innovasjon og næringsutvikling for 2021-2033 stadfestar at fylket vårt er på veg inn i den største omstillinga på lang tid. Klima- og miljøutfordringane vi står overfor skapar eit langsiktig behov for omstilling i næringsliv og samfunnsliv, og framtidas utvikling skal og må skje i ei meir berekraftig retning – miljømessig, økonomisk og sosialt. Planen slår fast at Vestland skal vere ein leiande havregion, og at akvakultur er ei viktig næring, men peikar også på sentrale utfordringar knytt til arealbruk, verdikjeder, utslepp og interessekonfliktar. Desse er utfordringar som må løysast dersom vi skal få til den berekraftige verdiskapinga som vi ønskjer framover. Denne tilskotsordninga skal bidra til slike løysingar.

 Les meir om vilkåra for å søkje og sjå kontaktinformasjon på www.vlfk.no. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen